Hopp til innhold

Let vere å varsle at denne båten gjekk på grunn

Då brønnbåten trefte grunnen i Skottland heldt reiarlaget Sølvtrans hendinga hemmeleg for styresmaktene. No er båten tilbake i Noreg for reparasjon.

Ronja Superior

PÅ LAND: Ronja Superior er tatt på land ved verftet i Solund.

Foto: Aud Sølvi Drengenes

Sjøfartsdirektoratet ser alvorleg på saka.

– Fram til i går visste vi ikkje om dette, vi fekk vite om hendinga av ulike medium. Like etter kontakta reiarlaget oss på eiga hand, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NRK.

Det var 13. januar at brønnbåten trefte grunnen i innseglinga til Mallaig i Skottland. I slike tilfelle er reiarlaga lovpålagde å rapportere innan 72 timar.

I staden segla fartøyet den lange vegen over Nordsjøen. No ligg båten ved Solund verft i Solund.

– Vi har bedt om ein rapport slik som reiarlaget er forplikta til. Så må vi få vite kvifor dei ikkje har rapportert slik som dei skulle ha gjort, seier Aarhus.

LANG REISE: Med skader på båten, gjekk Ronja Superior frå Skottland til Noreg.

Vil ikkje seie kvifor dei lét vere å rapportere

Sølvtrans var i søkelyset i sommar då NRK fortalde at verksemda i 2017 braut transportføreskriftene ved å dumpe avlusingsvatn for oppdrettslus i eit gytefelt for torsk.

Selskapet slapp å bli meldt av Fiskeridirektoratet.

I haust fekk reiarlaget også kritikk av Statens Havarikommisjon etter ei ulukke om bord i brønnbåten Øysund i 2017, der ein person omkom.

Reiarlaget skriv i ein e-post at Ronja Superior hadde ei grunnberøring ved innseglinga til Mallaig den 13. januar.

– Fartøyet gjekk inn til staden og lossa fisken etter planen. Det har ikkje vore fare for liv, miljø og materielle verdiar. Fartøyet er ved Solund verft for å utbetre skaden, samt årleg vedlikehald, skriv reiarlaget.

Dei vil ikkje svare NRK på kvifor dei informerte Sjøfartsdirektoratet lenge etter fristen, kor omfattande skadane på båten er, eller kva dei veit om årsaka til ulukka.

– Dette ser vi alvorleg på

Sjøfartsdirektoratet ser alvorleg på saka. Reiarlag pliktar å melde frå om slike hendingar.

– Det er alvorleg å ikkje melde frå, dei skal gjere det seinast innan 72 timar. Det ser vi alltid alvorleg på. Men no skal vi finne ut kvifor dei ikkje har gjort det, seier Aarhus.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik leiar departementet som styrer Sjøfartsdirektoratet. Han jobba til i haust som samfunnskontakt i Sølvtrans.

– Rapporteringsplikta er viktig for at styresmaktene kan gi råd, følgje opp hendinga, finne ut om båten er seglingsdyktig og finne ut kvifor ulukka har skjedd, for å lære, seier Aarhus.

Kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus

VIL FØLGJE OPP: Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Haakon Nordvik / Sjøfartsdirektoratet

Aarhus seier dei vil gjere tilsyn på fartøyet. Men Sjøfartsdirektoratet kan ikkje utan vidare gi bøter.

– Vi kan ikkje per i dag sanksjonere rapporteringssvikten. Men om eit fartøy er tilstrekkeleg skada kan skipet ikkje lenger ha eit gyldig sertifikat. Det kan medføre eit gebyr sidan dei kan ha gått utan gyldig sertifikat, men om dette er tilfelle må vi finne ut av, seier Aarhus.