Hopp til innhold

Heldt gudsteneste i sjølvlaga stavkyrkje

ORTNEVIK (NRK): Gudstenesta vart lagt til Anders Brekke si sjølvlaga stavkyrkje då kyrkja i Ortnevik vart straumlaus og stengd.

Sjå Vestlandsrevyen og Norge Rundt sin reportasje frå 2011 om stavkyrkjebyggaren Anders Brekke. Reporter: Vidar Gudvangen. Foto/redgiering: Stig Indrebø

VILLE BYGGE NOKO FINT: Anders Brekke bygde si eiga stavkyrkje i Ortnevik i Høyanger. I vinter vart det halde gudsteneste i bygget. Sjå Vestlandsrevyen og Norge Rundt sin reportasje frå 2011 om stavkyrkjebyggaren Foto/redgiering: Stig Indrebø

Anders Brekke er stolt over den brunbarka trekyrkja si som stod ferdig for eitt og eit halvt år sidan. Fem år brukte han på å gjere den 35 kvadratmeter store stavkyrkja ferdig der ho står på ei lite øy i elva på heimgarden i Ortnevik.

Sjølvmåla fargerike glasmåleri prydar statsbygget der eit lyslagt kors møter dei besøkjande inne i kyrkja.

Stavkyrka i Ortnevik.

Stavkyrkja i Ortnevik er om lag 35 kvadratmeter stor og stod ferdig for 18 månader sidan. Så langt har om lag 1000 besøkjande vore i kyrkja.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ha fleire gudstenester i stavkyrkja

I vinter, då kyrkja i Ortnevik på Høyanger sørside var straumlaus, vart gudstenesta like godt flytta til den vesle stavkyrkja. Prest i Ortnevik, Andreas Ester, fortel at det var ei fin oppleving å halde gudsteneste der.

– Det var veldig spesielt og veldig stemningsfullt å halde gudstenesta i den vesle stavkyrkja. Nesten alle faste kyrkjegjengarar kom og vi var 11 personar i kyrkja. Anders Brekke hadde førebudd gudstenesta på ein veldig fin måte. Stearinlysa var tende og det var veldig stemningsfullt, fortel Ester

Anders Brekke har laga sine eigne glasmåleri

Dei fargerike glasmåleria i stavkyrkja har Anders Brekke laga sjølv.

Foto: Bård Siem / NRK

Ikkje vigsla

Presten karakteriserer det som unikt at ein har to kyrkjer i vesle Ortnevik.

– Vi har den store kyrkja og ei lita intim kyrkje i bygda. Det er så verdifullt og inspirerande for mange at vi har den vesle kyrkje i tillegg, seier han.

Stavkyrkja er så langt ikkje vigsla, men det håper Ester det blir ei endring på.

– Eg kan tenkje meg å av og til halde gudstenester i stavkyrkja, seier han.

Brekke fortel at det har vore stor interesse rundt stavkyrkja.

– Om lag 1000 besøkjande har vore innom kyrkja etter at ho stod ferdig for eit og eit halvt år sidan. Det er veldig kjekt at så mange har vist interesse for kyrkja, seier han.