Hopp til innhold

Heldt fylkets første cricketturnering

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige sakna favorittsporten frå heimlandet. Då tok dei like så godt ballen, og balltreet, i eigne hender og inviterte til cricketturnering.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

MELLOM SLAGA: Vert det tid for fleire slag. Eit høve til å øve let ein ikkje springe frå seg.

Foto: Åsta Urdal / nrk

– Vi er så glad! Vi vann første kampen! seier 16 år gamle Razagul frå Afghanistan.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

GUTANE KRUT: Samhaldet gjennom sporten er viktig for Razagul og dei andre gutane på Førde mottak.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Kameratane hans jublar og tek ein sigersdans.

– Eg trur kanskje vi vinn den neste også, ler han.

Saman har gutane, som alle er bebuarar på Førde Mottak for einslege mindreårige asylsøkarar, sett i stand fylkets aller første cricket-turnering. Stadion er ei lita fotballbane på Haugum i Førde, og motstandarane kjem frå mottaka på Skei, Vadheim, Sørbøvåg og Leirvik.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

SIGERSDANS: Jubelen bryt ut og gutane synest sigeren over Leirvik smakar godt.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Favorittsporten

– Det betyr utruleg mykje for gutane at dei kan få spele favorittsporten sin saman, seier Nyonga Rugumayo Amundsen, avdelingsleiar på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkarar.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

AVDELINGSLEIAR: Nyonga Rugumayo Amundsen fortel at gutane gjerne vil lære vekk idretten til den lokale ungdommen. – Det er berre å møte opp!

Foto: Åsta Urdal / Nrk

– Her får dei vere saman med andre einslege mindreårige. Dei kjenner på fellesskapet seg i mellom, og samstundes får dei dele dette med det norske samfunnet i Førde, seier Rugumayo Amundsen.

Det var fråværet av sporten i Førde og Sogn og Fjordane som gjorde at Razagul og dei andre gutane sjølv tok initiativ til turneringa. For sjølv om den for dei fleste av oss er nokså ukjend, er det ein stor sport internasjonalt.

Med røter som kanskje går så langt tilbake som 1200-talets England, har idretten spreidd seg med den britiske kolonialiseringa. Og Afghanistan er ikkje noko unntak.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

ØVE: Nesten kvar kveld spelar dei cricket. Draumen er å ein gong kunne spele på eit landslag for Norge.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Avanserte reglar

– Om du er fødd i Afghanistan så byrjar du å spele cricket når du er seks, sju år gamal. Det er derfor vi er så gode, fortel Razagul.

Under turneringa på Haugum er han ein slags kaptein på Førde-laget. Samstundes er han ein slags linjedommar; med fult fokus passar han på at slagmannen ikkje går over linja i det han slår ballen ut over bana.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

BLI MED: 16 år gamle Razagul vil gjerne ha med Førdianarar i spelet, og lovar å lære vekk reglane til alle som vil prøve.

Foto: Åsta Urdal / nrk

– Vi har elleve spelarar på kvart av dei to laga, ein ball og eit balltre. Kampen varar heilt til det eine laget har nådd ein poengsum som er så høg at det andre laget ikkje kan ta dei igjen.

Vil ha med fleire

Det er avanserte reglar, og dei tilsetje på mottaka er ikkje heilt sikker på om dei har forstått alle. Det gjer likevel ikkje noko, Razagul lærer dei villig vekk til alle som vil.

– Vi har lyst å få med gutar her ifrå Førde, dei må berre komme! Vi skal lære alle dei norske folka som vil å spele cricket. Men først må vi lage ein klubb. Vi treng ei større bane, supporterar og sponsorar. Kanskje kan vi lage eit skikkeleg lag her. Ein dag håpar eg vi kan representere Norge!

– Inshallah! Om gud vil! ropar kameratane hans før dei fortset sigersdansen og førebur seg til neste kamp.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

VINNARLAGET: Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige flyktningar sakna favorittsporten frå heimlandet og inviterte like godt andre afghanarar til turnering.

Foto: Åsta Urdal / nrk