NRK Meny
Normal

Heldt «spontankonsert» i verdas lengste tunnel

Det som starta med barnsleg leik etter ein turne i Bergen, enda i ein vill ide. – Det vart litt tricky å halde pusten gjennom heile Lærdalstunnelen, gliser trommis Svein Inge Bjørkedal.

På veg frå turne i Bergen stogga Comet Kid for å spele sang i verdas lengste vegtunnel mellom Aurland og Lærdal.

SJÅ VIDEO: Comet Kid er truleg det første bandet som spelar musikk i verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen. - Det hadde vore veldig gøy om nokon hadde stogga på andre sida og vore publikum, seier trommeslagar Svein Inge Bjørkedal.

Midt i den 24.509 meter lange tunnelen svinga dei inn på ei utkøyrsle, tømde bandbilen for instrument og framførte «Old dirty bastard».

Videoen publiserte dei på Facebook.

– Det vart 2,5 mil med klang. Men vi er litt i tvil på om vi har dokumentert eit lovbrot. Det vart i så fall kortvarig, og utan vonde baktankar, seier trommeslagar Svein Inge Bjørkedal frå Førde.

Comet Kid

FASCINERT: – Eg trur gutane frå Austlandet var ganske fascinert av Lærdalstunnelen, så vi føreslo å stogge midt i tunnelen og spele inn ein video, seier trommeslagar Svein Inge Bjørkedal, som er frå Førde.

Foto: Pressebilde

Spontankonsert

Comet Kid hadde vore på turne med Rikskonsertane, og var på veg heim til Oslo då ideen om ein «spontankonsert» dukka opp.

Medan dei fleste bilistar gler seg til å komme ut av tunnelen, gjorde bandet gjennomreisa ti minuttar lenger.

Inni ein tunnel mellom Bergen og Oslo, midt blant tussar og troll, i mydlå bakkar og berg der finn me ein Old Dirty Bastard, syng med om du vil, så kjem nok helga fortare enn nokon kunne tru..skjegg ut!

Comet Kid

– Det høyres kanskje litt barnsleg ut, men tidlegare på turen heldt vi pusten gjennom tunnelane. Det vart litt «tricky» då vi kom til Lærdalstunnelen. Eg hadde veldig lyst til å rigge opp trommene og spele i tunnelen, så vi spann vidare på det, fortel Bjørkedal.

– Ikkje heilt ufarleg

Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens vegvesen region Vest

UHELDIG: Eivind Yttri hos Statens vegvesen vil ikkje tilrå bilistar å stogge unødig i tunnelane. – Eg vil tru at dette tøyer strikken mot kva som er lov, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Med trafikken susande forbi få meter unna, var det ikkje eit heilt ufarleg stunt. Det seier Eivind Yttri, seksjonssjef Vegseksjon Sogn i Statens vegvesen.

Han var ikkje kjend med videoen før NRK tok kontakt. Yttri uttalar seg på generelt grunnlag og seier det er lagt til rette for korte stogg, men forbod mot parkering over tid.

– Det er 80-sone og høvesvis høgt fartsnivå, så sjølv om det er bra belyst så kan det vere uheldige episodar. Dette er ikkje noko vi ynskjer utover kortare stogg, seier han og ikkje vil kommentere om vegvesenet vil følgje det opp.

– Kan ikkje ha vore heilt gale

– Nokre tuta og blinka, men eg trur ikkje nokon vart støytt, seier Bjørkedal og tvilar på at opphaldet varte lenge nok til å gje dei helseskader sjølv om utstyret vart dekt av asfaltstøv

– De fryktar ikkje ein telefon frå politiet?

– Då håpar eg vi kan beklage, og så tek vi neste video utandørs og i andre former. Vi er veldig snille karar, så eg håpar det går bra. Men det var lagt opp til å kunne stogge, det var veldig fint lyssett og der var eit søppelspann. Så heilt gale kan det ikkje ha vore.

Kjem til Førde

Innspelinga og den veldig spesielle klangen gav bandet ei oppleving. I helga står dei på scane under Gatefesten i Førde.

Lærdalstunnelen

HALLAR: Videoen vart spelt inn i ein av dei tre store lyssette hallane som er laga til for at bilistar skal kunne snu om naudsynt.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Eg veit ikkje om vi blir tunnelbandet, men vi er ikkje framande frå å gjere liknande ting. Vi har tidlegare gjort popup-konsertar i kantinar eller husfestar. Vi prøver å gjere noko meir enn berre å stå på ei scene, seier han.

– Blir det stunt når de skal til Førde?

– No set du press på meg, men det er ein lang biltur og det er på bilturar at kreativiteten blir sett i gang. Så vi får sjå. Vi gler oss uansett til å komme tilbake til trivselsfylket.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.