NRK Meny
Normal

Veronica-saka: Etterforskinga og leitinga held fram med full styrke gjennom helga

SOGNDAL (NRK.no): Leitinga etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet held fram med uforminska styrke også gjennom helga. Fredag kjem eit sonarskip på plass for å søkje vidare i fjorden, og truleg vil eit politihelikopter søkje i fjellområde. Også ein taktisk etterforskar frå Kripos vil jobbe i Sogndal gjennom helga.

Asle Karoliussen
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har lagt planar for dagane som kjem, også helga, og det vil ikkje bli trappa ned. No får vi taktikaren på plass fredag, og eg vil tru at det vil generere nye arbeidsoppgåver og ny aktivitet, seier fungerande regionlensmann Asle Karoliussen til NRK torsdag ettermiddag.

22 år gamle Veronica har no vore sporlaust vekke frå heimen sin i Årøy i Sogndal sidan laurdag 25. oktober. Store ressursar har vore brukt på å leite etter den sakna kvinna, men førebels utan resultat. No skal også søket i fjordarmen Barsnesfjorden trappast opp att.

– Vi er lova frå sonareininga i Kristiansand at dei reiser derifrå i morgon, og då er dei her fredag kveld. Då vil dei setje i gang søket med ein gang, og vi reknar med at dei då vil bruke om lag fem dagar. Så kjem miniubåt frå Bergen og vil støtte sonar-eininga over helga, seier Karoliussen.

Vil søkje med helikopter

I går kveld blei det kjend at nye vitne har fortalt politiet om andre område der turglade Veronica kan ha gått, og det er desse områda ein no vonar å få bruke politihelikopteret til å gjennomsøke.

– Vi skal snakke med politihelikopteret i morgon tidleg, så får vi håpe at vêret er med oss slik at vi gjort dei søka med bruk av det. Då vil vi på ein effektiv måte få sjekka ut dei områda.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Foto: Privat

Områda det er snakk om er turstien opp til Solvornsnipa i Luster, og fleire stiar i fjellområda mellom Sogndal og nabokommunen Leikanger

– Vi har fått opplysingar om at ho har delteke i eit stimerkingsprosjekt som ho hadde interesse for og kunnskap knytte til. Det er turen opp mot Solvornsnipa, og så er det turen frå Hella til Grinde, og området ved Kvinnedalen og Kvinnafossen. Når vi har fått desse tipsa, så må vi sjekke det ut, slår lensmannen fast.

Held trykket oppe

Kor mykje den omfattande leitinga og etterforskinga hittil har kosta vil ikkje politiet seie noko om enda. Men Karoliussen forsikrar at dei førebels har ressursar til å halde trykket oppe.

– Vi har to spor vi skal halde trykket oppe i, det er i samband med etterforskinga av forholda knytte til forsvinninga, og så er det søk etter å finne ho. Men det er klart at når Barsnesfjorden og dei andre områda er ferdig gjennomsøkt, så har vi i utgangspunktet ikkje så mykje meir å gå på, seier Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.