Hopp til innhold

Held tilbake vassavgift

Eigaren av Aurland Fjordhotell, Steinar Kjærstein, held tilbake fleire titals tusen kroner i vassavgift.

Han seier kommunen i fjor utførde gravearbeid utan å stenge vassforsyninga eller varsle hotellet. Dette førde til at det kom mykje grus og slam i røyropplegget på hotellet. Det igjen gjorde at det vart skader som gjorde at mange av toaletta tok til å leke vatn.

 Vassforbruket til hotellet auka kraftig, og Aurland kommune krev at hotellet betalar for alt vatnet som har gått med.

Steinar Kjærstein seier han berre vil betale for normalt vassforbruk, og han vurderer å gå vidare med saka.