Dei siste 17 åra har Alf Steinhovden køyrt sauene sine frå garden sin i Flora og innover til Gaularfjellet. Grunna rekordmengdene med snø i fjellet har dei i år bestemt seg for å droppe turen.
– Dette er fyrste året vi ikkje kan køyre dei inn. Grunnen er at det blir så seint at arbeidet med å køyre dei inn og hente dei heim ikkje står i forhold til den tida dei får vere på fjellet, seier Steinhovden.
Tar tid og kostar pengar
Leiar i bondelaget Anders Felde trur ikkje det er mange som har måtta kutte fjellbeitet heilt, sjølv om dei fleste har måtte vente lenger enn normalt med å sleppe sauene til fjells.
– Det var veldig mykje snø i vinter, i tillegg har vi hatt veldig kaldt vêr i heile vår og sommar, noko som fører til at snøen ligg att i fjellet. Dermed er der ikkje noko særleg med beite, fortel han.
Sauene i Eikefjorden må difor belage seg på å bli heime i sommar etter at Steinhovden har kome fram til at det blir for mykje arbeid å køyre dei til fjells for ein såpass kort beiteperiode.
–Vi må køyre fem eller seks turar med eigen bil og stor hengar, eller så må vi leige lastebil, så det vil uansett koste mykje pengar og ta tid, seier sauebonden.
Brukar vinterressursane no
Konsekvensane av at sauene ikkje kjem seg på sommarbeite på fjellet skapar utfordringar både for to- og firbeinte.
– Søyelamma, som skal parast til hausten, har ikkje opplevd fjellet, så vi er spente på korleis dei vil oppføre seg viss dei kjem til fjells neste år. Konsekvensane blir at vi har mindre vinterfôr fordi ein har brukt vinterressursane på sommaren, fortel Steinhovden.
Felde stadfestar at det er fleire bønder som har byrja på vinterfôret, men når graset fyrst dukkar fram frå snøen er det ikkje noko å seie på kvaliteten.
– Fordelen med at der er mykje snø i fjellet er at graset får mykje fukt, noko som betyr at det blir veldig godt gras lenge, seier han.
Kortvarig lukke
Likevel vert perioden sauene får nyte det gode graset kortare enn vanleg
– Når marknaden treng sauen må den takast ned frå fjellet. Difor vert det ikkje stor endring i når sauebøndene hentar ned sauene sine, fortel Felde.