Hopp til innhold

Sjåfør (28) får ikkje att førarkortet før rettssaka

Den 28 år gamle polske lastebilsjåføren som er sikta etter brannen i Gudvangatunnelen får ikkje att førarkortet før saka mot han er endeleg avgjort. Det har Sogn tingrett no bestemt.

Gudvangatunnelen

FÅR IKKJE ATT FØRARKORTET: Føraren av semitraileren som byrja brenne i Gudvangatunnelen for ein månad sidan får ikkje att førarkortet før saka mot han er avgjort.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

Den 5. august byrja ein utanlandsk semitrailer å brenne inne i den sterkt trafikkerte tunnelen på E16 i Aurland. Brannen utvikla seg raskt, og heile tunnelen vart røyklagd.

Kort tid etter hendinga sikta politiet den 28 år gamle polske føraren. Siktinga gjeld for å ha ført eit køyretøy han visste at ikkje var i forsvarleg stand, noko politiet meiner kunne ha ført til at menneskeliv gjekk tapt.

Politiet kverrsette førarkortet til mannen, men dette kan dei berre halde på ei viss tid utan ein rettsleg avgjerd så lenge sjåføren ikkje samtykkjer i beslaget. Politiet bad retten om å få halde på førarkortet inntil saka mot mannen er avgjort, og avgjerda frå Sogn tingrett er no klar.

Politiet kan mellombels tilbakekalle førarretten og halde førarkortet til føraren beslaglagt til saka mot han er endeleg avgjort, står det i avgjerda frå Sogn tingrett. Politiet kan likevel ikkje halde på førarkortet lenger enn til 5. februar 2014, altså eit halvt år frå no av.

Hadde problem med motoren

Fleire vitne forklarte etter brannen at dei hadde sett lastebilsjåføren stogge fleire gonger før tunnelen. Køyretøyet skal ha vore veldig varmt, og det kom røyk frå det.

Den polske mannen har også sjølv forklart for politiet at han hadde problem med at motoren gjekk seg varm. Han stogga difor i Gudvangen for å etterfylle vatn på radiatoren.

Inne i tunnelen skal temperaturmålaren ha vist at motoren var for varm, men føraren har forklart at han då trudde noko var feil med målaren og at han difor valde å køyre vidare. Etter ei stund mista han motorkraft og måtte stogge.

Ute av bilen oppdaga han at det stod flammar ut av motoren. Han skal ha gjort forsøk på å få tak i brannsløkkingsapparat, men på grunn av varmen og røyken måtte han forlate køyretøyet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeid i Gudvangatunnelen

OMFATTANDE ARBEID: Brannen førte til omfattande skader på tunnelen. Arbeidet som er gjort i etterkant har ifølgje Vegvesenet nærma seg 50 millionar kroner.

Foto: Arne Veum

Handla aktlaust

I etterkant av ulukka har fleire gitt uttrykk for at det er eit under at det ikkje gjekk liv tapt i brannen. Takka vere heroisk innsats frå redningsmannskapa vart alle som var i tunnelen berga, men i alt vart rundt 70 personar sende til sjukehus, nokre med alvorlege skader.

For å halde på førarkortet til mannen er vilkåret at han med rimeleg grunn er mistenkt for eit straffbart forhold som kan medføre tap av førarretten.

Siktinga mot mannen gjeld brot på vegtrafikklova sin paragraf 13 som seier at «køyretøy skal vere bygde, innretta, utstyrt og halde ved like slik at det kan brukast utan å valde unødig fare eller ulempe og utan å skade veg».

Retten meiner sikta handla aktlaust då han ignorerte varslinga om den høge motortemperaturen og likevel køyrde vidare. Dei meiner dette er den mest trulege årsaka til at det oppstod overoppheting og brann i motoren. Dei legg difor til grunn at det er rimeleg grunn til mistanke for brot på vegtrafikklova sin paragraf 13.

Avhengig av førarkortet

Den polske sjåføren har sagt frå seg retten til advokat, og møtte ikkje i tingretten under behandlinga av førarkortbeslaget.

28-åringen har gitt uttrykk for at han er avhengig av førarkortet i sitt arbeid som sjåfør, og som privatperson. Sambuaren hans har ikkje førarkort, og dei har to små barn. Som eineforsørgar for familien vil det få store økonomiske konsekvensar for han om han blir lenge utan førarkort.

Retten meiner på si side at det er omsynet til trafikktryggleik og likebehandling som må vege tyngst. Eit beslag av førarkortet vil i denne saka ikkje vere eit for stort inngrep, skriv retten i si avgjerd.

I går opna Gudvangatunnelen for fri ferdsel, ein månad etter den dramatiske brannen. Vegvesenet har tidlegare estimert at reparasjonsarbeidet og det andre arbeidet som er gjort i tunnelen etter hendinga vil koste nær 50 millionar kroner.