Hopp til innhold

Held oppe håpet midt i vanskane

Både tillitsvalt Kjell Røen, tilsette ved Norsun og Årdals-ordførar Arild Ingar Lægreid held håpet oppe trass i at alle dei 220 tilsette ved fabrikken har fått permitteringsvarsel.

Satsing på solcelle skulle bli et norsk industrieventyr. I stedet har fabrikk etter fabrikk blitt lagt ned. Nå sliter også den siste store fabrikken med å overleve - 200 ansatte ved Norsun i Årdal har fått permitteringsvarsel.

Massepermitteringer ved Norsun

– Permisjonsvarselet gjekk ut førre veke, så vi ventar i spenning kva som skjer med forhandlingane, seier tillitsvalt for dei tilsette ved Norsun, Kjell Røen.

Han fortel at dei tilsette ikkje veit anna enn at det skal gå føre seg ein positiv dialog om situasjonen mellom leiinga og kundar av fabrikken.

Kjell Røen, tillitsvalt i Norsun

TUNGT: Tillitsvalt Kjell Røen har hatt betre dagar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Og då er det vel håp, legg Røen til.

Tøffe tider for industribygda

Årdal-samfunnet har vore hardt prøva når det gjeld arbeidsplassar i den vesle bygda. For Norsun har det vore både opp- og nedturar. Solcelleindustrien har ikkje vorte så stor som ein hadde håpa på.

Marknaden er krevjande, og i august slo leiinga i REC dotterselskapet Rec Wafer Norway konkurs.

Også Norsun har måtte gjere grep for å klare seg. I byrjinga av september fekk alle dei tilsette i Årdal permitteringsvarsel, og i slutten av månaden vart 33 oppsagde ved fabrikken i indre Sogn.

– Det er ein utruleg tøff marknad som er prega av stor usikkerheit. Kundane våre slit dei også, seier Røen.

(Artikkelen held fram under biletet)

NorSun

VARSEL: Alle dei 200 tilsette på solcellefabrikken i Årdal har fått permitteringsvarsel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Merkar finanskrisa

Han fortel at finanskrisa og den manglande investeringsviljen er det største problemet.

– Det er difor vi slit med å få selt produktet vårt, seier Røen.

Han fortel at medlemmene ventar i spenning på meir svar.

– Folk er veldig usikre på korleis dette vil utvikle seg, seier Røen.

Han legg til at uvissa tærer på folk.

– Det er ikkje noko kjekt, og det er ingen ønskjesituasjon. Men vi må berre leve med det. Vi håpar det beste og at det vil snu til slutt, seier Røen.

– Er det som skjer no eit prov på at vi ikkje er konkurransedyktige når det gjeld solceller og ny teknologi?

– Nei, det trur eg ikkje. Vi leverer god kvalitet og vi har ein pris som vi kan presentere ute i den store verda. Dei fleste produsentane har problem no, seier Røen.

Har tru på framtida

Svein Ove Jørgensen er ein av dei som vart permittert i dag. Han tek situasjonen med fatning.

– Det er ein kjedeleg situasjon å hamne i, men vi har tru på framtida. Det er mange moglegheiter, og vi trur at dette skal gå bra, seier Jørgensen.

– Vi må få kvalifisert dei produkta som vi har, og så må vi få kontraktar som vi kan levere etter. Det er det vi håpar skal komme raskt på plass, seier Jørgensen.

Han ser ikkje heilsvart på situasjonen.

– Det er klart at dette er negativt, og det skapar stor usikkerheit i bygda. Men vi har trua på at dette skal snu og at det skal løyse seg og at det blir betre framover, seier Jørgensen.

Har tru på løysingar

– Dei fleste har eit håp om at vi snart får ei kontrakt. Leiinga har positiv dialog med kundane våre, og vi trur det ordnar seg snart, seier Røen.

– Kor kjem optimismen ifrå?

– Marknaden er i ferd med å betre seg, vert det sagt. Vi håpar og trur på det, seier Røen.

– Kor vanskeleg er det å halde motet oppe?

– Det er nok forskjellig blant folk. Nokon er nok langt nede, andre let seg ikkje merkje, seier Røen.

Han fortel at det nok også er folk som lurer på å finne på andre ting å gjere.

– Men i Årdal er det få andre moglegheiter, så då må ein ut av bygda, seier Røen.

Sjølv tenkjer han ikkje i dei baner.

– Eg blir att til båten går ned, seier Røen.

Håpar folk held ut

Ordførar Arild Ingar Lægreid har omsut for dei det gjeld.

– Dette er verst for dei som vert ramma. Dei har opplevd permittering tidlegare også, så det dreg ut i tid. Men eg håpar ting snart kjem på plass og at Norsun snart er i full drift att, seier Lægreid.

Han har stor tru på at konjunkturane snur.

Arild Ingar Lægreid

HAR TRUA: Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid trur ting vil snu.

Foto: Birger Meland / NRK

– Tida er i mot oss nett no, men eg håpar dei held ut, seier Lægreid.

Årdal har vore gjennom harde tider før, men ordføraren let seg ikkje knekkje av det.

– Vi har spennande utsikter både når det gjeld Hydro og Norsun. Eg er viss på at dei vil leve vidare inn i framtida, seier Lægreid.

I går var årdølene samla i samfunnshuset til motivasjonsseminar. Beskjeden i dag vart eit slag i fjeset for mange.

– Vi hadde eit positivt møte i går. Vi hadde ein motivator på plass som sette oss i eit positivt lune. Vi skal nok ha med oss det positive vidare og stå på, seier Lægreid.

Han trur ikkje dagens beskjed endrar stemninga.

– Dette er verst for dei det gjeld som har usikkerheita på seg, men eg er trygg på at dette går bra, seier Lægreid.