NRK Meny
Normal

Held omstridd vindkraftprosjekt i live

Kommunestyret har sagt nei og lokalbefolkninga har vist motstand, men no blussar det på nytt opp i kampen om ei omstridd vindkraftsak i Gulen.

Dalsbotnfjellet vindkraftpark

OMSTRIDT: Kommunestyret har sagt nei og på folkemøte har det vore meldt om motstand mot prosjektet.

Foto: Zephyr AS

– Dette er eitt av våre beste vindkraftprosjekt. Det er snakk om svært gode vindressursar, så vi gjer vårt for å få det realisert. Det seier Johnny Hansen, som er prosjektleiar hjå vindkraftutbyggjaren Zephyr AS.

Prosjektet det er snakk om er på Dalsbotnfjellet i Gulen. Det fekk eit klart nei i kommunestyret, men NVE gav grønt lys. Avgjerda har likevel vore kontroversiell lokalt i Gulen, og no kjem Zephyr med eit nytt forslag til kor kraftlinja til anlegget skal gå.

– Vi har høyrt på ein del av protestane ifrå politikarar og lokalbefolkning, og det har vi teke omsyn til med å foreslå å leggje kraftlinja ein annan plass, seier Hansen.

Meiner ein skulle ha høyrt på politikarane

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, (Sp) tykkjer heile prosjektet burde ha vore skrinlagt etter at kommunestyret sa nei.

Hallvard Oppedal

KRITISK: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, er kritisk til å byggje vindkraft på Dalsbotnfjellet.

Foto: Gulen kommune

– Eg tykkjer det er litt dårleg at signala som kjem ifrå politikarane ikkje veg tyngre.

Oppedal seier at politikarane er mot heile prosjektet, og at det ikkje hjelper at utbyggjaren kjem med nytt forslag til kor kraftlinja fram til anlegget skal gå.

– Vi stemte mot kraftlinja òg, men vi er jo i mot heile greia. Det handlar om at det er så mykje urørt natur i området, og at det vert veldig synleg, seier Oppedal.

Ordføraren er også kritisk til om det i det heile teke vil vere pengar i å drive vindkraft i Gulen.

– Med dei kraftprisane som no er, og med den lange kraftlinja som dei no vil byggje, er det heilt klart at dei ikkje kjem til å tene pengar på prosjektet, seier Oppedal.

Har trua på prosjektet

Johnny Hansen hjå utbyggjaren Zephyr har derimot trua på at prosjektet vil bli lønsamt.

– Med dei store vindressursane vi kan utnytte på Dalsbotnfjellet er dette eit prosjekt vi trur vil vere lønsamt for oss å drive, og som også vil skape gode ringverknader i lokalsamfunnet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.