Hopp til innhold

Er budde på at brannen blussar opp att - har full beredskap

Store styrkar frå både brannvesenet, Sivilforsvaret og Heimevernet held stand både i kveld, i natt og måndag for å slå ned ei eventuell oppblussing av brannen i Lærdal.

Bengt Ness

TEK INGEN SJANSAR: Innsatsleiar Bengt Ness understrekar at det ikkje vert teke nokon sjansar i døgnet som kjem.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Innsatsleiar og politiførstebetjent ved Luster lensmannskontor, Bengt Ness fortel at det er store styrkar ute for å halde oppsikt med brannen.

– Vi har ute det vi kan få av brannmannskap. Nokon er sende i retur til Aurland for å etterfylle utstyr, vi har folk frå Sivilforsvaret og frå Heimevernet. Dei kjem til å vere der både i kveld, i natt og i morgon for å ha kontroll på at det ikkje blussar opp, seier Ness.

Jobbar intenst

Han meiner det er tilstrekkeleg med mannskap til å handtere det som eventuelt kan dukke opp.

– Vi jobbar intenst for å drive ettersløkking. Brannvesenet med gravemaskin og naudsynt sløkkeutstyr for å få bukt med dei stadane der det kan blusse opp. Men det er ein ganske stor jobb, seier Ness.

Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, understrekar at det siste døgnet har vore tøft for mange.

– Bygda Lærdal og kommunen har opplevd ei svært dramatisk hending i natt. Det har vore ei veldig påkjenning for alle involverte, og dei førebelse tala syner at meir enn 400 personar har vore innom Lærdal sjukehus, seier Løseth.

Av desse er meir enn 100 vurdert som skadde, og av dei er 35 sende til Førde sentralsjukehus.

– To av desse har kanskje alvorlege skadar, men det er uavklart, seier Løseth.

Kripos kjem truleg måndag

Talet på evakuerte er ein førebels ikkje heilt sikker på.

– Det er truleg mange hundre. Evakueringssenter er på Håbakken og på Aurland fjordhotell, seier Løseth.

Området er førebels avsperra, og vil bli avsperra i natt.

– Når det gjeld etterforsking, så er vi i gang med planlegg, og etterforskinga vert starta opp i morgon, seier Løseth.

Åge Løseth

KREVJANDE: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, er klar på at politiet har ei krevjande etterforsking framfor seg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politiet har bedd om taktisk og teknisk hjelp frå Kripos i saka. Truleg kjem Kripos til staden allereie måndag.

– Dette er ei svært alvorleg sak, og vi ønskjer å etterforske den på best mogleg måte. Difor ber vi om hjelp frå dei beste, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Er meldt mykje vind

– Vi skal finne ut kor brannen starta og kvifor, nett slik som vi gjer med alle brannar, seier Løseth.

Politiet har førebels ingen haldepunkt med tanke på korleis brannen starta.

– Vi har ikkje avhøyrt nokon formelt, men vi har snakka med folk. Det er ingen haldepunkt for at det ligg noko kriminelt bak brannen, seier Løseth.

Trass i at brannen no har roa seg, er det framleis ikkje umogleg at brannen kan blusse opp att.

– Det er stor fare for det. Det blæs framleis kraftig i Lærdal, og vêrmeldingane tyder på at det kjem til å halde fram slik. Vi må ta høgde for at det kan komme til å skje, difor vert beredskapen halden oppe gjennom kvelden og natta, seier Løseth.

– Er det haldepunkt for å seie at brannen starta i meir enn eitt hus?

– Nei, vi har ingen haldepunkt som tilseier det, seier Løseth.