Hopp til innhold

Held fram som sykkelbyar

Førde skal få halde fram som sykkelby med 180.000 fylkeskommunale kroner. Det er forslaget frå fylkesrådmannen i den regionale transportplanen. Han vil forlenge sykkelbyavtalen i fire år, fram til 2021. Likeeins skal Florø få forlenga si sykkelbyavtale når den går ut ved nyttår 2018. Saka skal endeleg avgjerast på fylkestinget i neste veke.

Sykkel utlån i Førde
Foto: Gro Ravnestad / NRK