- 2010 har vore eit veldig godt år for 4H i fylket. Vi er veldig godt nøgde med å ha auka medlemstalet og starta opp fire klubbar, seier Kamilla Eirin Aamot (20), leiar i 4H Sogn og Fjordane.
Har styrkt organisasjonen
Laurdag samlar 4H Sogn og Fjordane mange av medlemene til årsmøte på Sandane. I årsmeldinga for 2010, som blir lagt fram på årsmøtet, peikar fylkesstyret i 4H på at dei har jobba spesielt med å styrkje organisasjonen på grasrotnivå det siste året.
- Vi har spesielt arbeidd med klubb-besøk og å styrkje dei lokale klubbane våre. Dette er eit arbeid som gir ein styrka organisasjon i fylket, seier leiar Kamilla Eirin Aamot.
Framleis største 4H-fylket
Aurland 4H og Gaupa 4H i Innvik og Utvik er nystarta 4H-klubbar i fylket i 2010. I tillegg har Steintøff 4H i Steinhovden i Flora og Driva 4H på Holsen i Førde starta opp igjen med 4H-aktivitet.
I 2010 opna òg dei to første 4H-gardane i fylket, Tuftegarden 4H-gard og Fosseheimen Naturpark 4H-gard, på Viksdalen.
Totalt hadde 4H Sogn og Fjordane 74 klubbar og 1875 medlemer i 2010. Det er tre fleire klubbar og 29 fleire medlemer enn i 2009.
4H Sogn og Fjordane held dermed fram som det største 4H-fylket i landet.