NRK Meny

Held fram som Fylkesmann

Anne Karin Hamre vart i statsråd i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Sogn og Fjordane. Det melder fylkesmannen på sine heimesider.

Fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått saman 1. januar 2019. Embetet som fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane blir etablert frå same tidspunkt. Det er difor kunngjort eit mellombels embete som varer fram til 1. januar 2019, som Hamre vart tildelt måndag.

Fylkesmann Anne Karin Hamre
Foto: Noralv Pedersen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.