Hopp til innhold

Framleis ingen spor etter sakna dumperførar i Askvoll

KNM «Tyr» har i heile natt søkt i Dalsfjorden etter den sakna dumparføraren (25) ved Eikenes i Askvoll. Det er framleis ingen spor etter mannen.

KNM Tyr

SØKER: KNM «Tyr» er i første omgang henta inn for eitt døgn i samband med søket etter den sakna dumperføraren (25) i Askvoll.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Forsvarets spesialfarty kom til Dalsfjorden klokka 22.30 tysdag, og har søkt gjennom natta.

– Vi har i første omgang konsentrert søket om rett nedanfor der dumparen gjekk utfor, men så langt ikkje funne noko, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Søkjer eitt døgn

Søket med ROV tysdag vart avslutta berre ein time før KNM «Tyr» kom til staden. To båtar deltek i dag i undervassøket, medan også Fjaler Røde Kors stiller med tre personar og båt.

– Dei skal gjennomføre strandsøk i området. Det er planlagt å starte opp att klokka 0930, opplyser politiet.

KNM «Tyr» skal i første omgang søke til klokka 22 onsdag.

Fann dumparen

Det har sidan måndag kveld blitt søkt i fjorden etter at ein dumper køyrde utfor vegen og hamna i fjorden under arbeid på Dalsfjordsambandet. Sjølve dumparen vart tysdag ettermiddag lokalisert på kring 230 meters djupne.

Den sakna 25-åringen frå Ørsta var tilsett i entreprenørverksemda K.A. Aurstad.

– Det har vore ein frykteleg tung dag. Dette unner eg ingen, sa Cato Aurstad.