Hopp til innhold

Held fram søk både i vatnet og på land

FLORØ (NRK): Søket etter Harald André Skåre held fram utover kvelden og natta ved Storevatnet i Florø. Politiet har fått tips frå fleire etter at dei bad folk om sjekke eigedomane sine.

I Florø er leitemannskapa i gang med nye søk etter den 45 år gamle mannen som har vore sakna sidan søndag. 
Politiet konsentrerer søket rundt Storevatnet, og har bedd om hjelp frå politihelikopter.
Den sakna Harald André Skåré er sist observert i Florø sentrum klokka 01.30 natt til søndag.

SAKNA SIDAN SØNDAG: Leiteaksjonen i Florø held fram, og nytt utstyr er venta på onsdag for å gjere søket under vatn lettare. (Foto/redigering: Arne Stubhaug)

Måndag oppmoda politiet folk om å sjekke kjellarar og hagar for å sjå om dei kunne finne noko. Men alle funna som er gjort har vore av gjenstandar som ikkje har tilknyting til den sakna mannen.

– Eg har ikkje oversikt over kor mange tips vi har fått inn, men vi har fått ein del meldingar om funn av sko og klede og slikt, som vi har sjekka ut av saka, seier operasjonsleiar for politiet, Inge Værøy.

Harald Andre Skåre

DEN SAKNA: Harald André Skåre (45) er sakna i Florø.

Foto: Politiet

Søket vil halde fram utover natta, ifølgje Værøy.

– Det blir nok trappa ned utover kvelden, men det vil også vere folk i søk i natt også, seier han.

Dykkarar i vatnet

Politiet har tysdag heldt fram med konsentrere leitinga rundt i Storevatnet i Florø.

– Søndag hadde vi dykkarar som søkte i vatnet, seinare har vi også gjort overflatesøk i dei områda av vatnet der ein kan sjå botnen, seier Per Rimmen, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

På grunn av mykje gjørme i vatnet er det dårleg sikt. Difor er det venta at det kjem sonar til Florø onsdag, for å kunne søke grundigare under vatn.

Store styrkar frå Røde Kors og Sivilforsvaret har leita på land i området kring Storevatnet.

Leiteaksjon i Florø på Storevatnet

OVERFLATESØK: Det er søkt i overflata på Storevatnet fleire gonger sidan søket starta opp søndag kveld.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sitt sett natt til søndag

Den sakna er Harald André Skåre (45). Skåre er sist observert i Florø sentrum kl. 01.30 natt til søndag.

Han hadde då på seg dongerijakke med kvit pels og ei blå dongeribukse. Den sakna kan ha hatt på seg ei svart hue og eit svart skjerf. I tillegg har han hatt på seg brune Timberland-sko.

Skåre er 188 cm høg og slank. Han er skalla med såkalla fippskjegg på haka og litt bart.

Har bede om hjelp frå politihelikopter

I samband med leiteaksjonen etter ein sakna mann i Sogndal har leitemannskapa der fått hjelp frå det eine av dei to helikoptera i Norge. Politihelikoptera er blant anna utstyrte med varmesøkjande kamera. Også i Florø bad dei om hjelp frå politihelikopter.

– Vi har bede om å få bruke det, når det først er på denne sida av fjella. Det er litt avhengig av kor lenge det blir brukt i Sogndal, seier Rimmen.

Det blir og vurdert å ta i bruk miniubåt i leitinga i vatnet.

Helikopteret kom ikkje til Florø, men flaug tilbake til Oslo frå Sogndal tysdag ettermiddag.