Hopp til innhold

Held fram satsinga på langløp

Sjukdom øydela i fjor. No siktar langrennsløparen på nytt mot pallen...

Roger Aa Djupvik på start

STARTSTREKEN: Sjukdom øydela store delar av førre sesong for Roger Aa Djupvik. No ser han framover og siktar oppover.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trass ein heller sørgjeleg sesong i fjor, er Roger Aa Djupvik frå Hyen allereie godt i gang med fram satsinga på langløpa kommande sesong.

Rett etter sesongslutt bestemte Roger Aa Djupvik seg for å gi langrennsløypa i alle fall ein sesong til. I starten blir det også fleire «vanlege» langrennsløp.

– Førre sesong var vel eigentleg så sørgjeleg som den kunne bli. At eg berre gjekk tre av dei seks langløpa eg hadde peika meg inn, seier vel sitt. Eg føler eg har meir ugjort, seier 32-åringen.

Har fortrengt sesongen

Med forkjølingar på løpande band, for tidleg retur til langrennsløypa og liten kontinuitet i treninga, vart fjorårssesongen ein stor skuffelse for 32-åringen.

LES OGSÅ: Har starta jakta på «godkjensla»

Målet før sesongen var å stå på pallen i nokre av dei største renna. I tradisjonsrike Vasaloppet vart det fire spurtprisar , men jubelen gjekk ikkje i taket over ei plassering nede på 33. plass.

– Birken var vel mi beste plassering, men eg hugsar heilt ærleg ikkje kva det vart til slutt. Kanskje eit teikn på at eg har fortrengt heile sesongen? Det var i alle fall ikkje ei plassering eg samla på, humrar Aa Djupvik.

Sein start på langløp

– Eg fekk heller ikkje gå mitt første langløp før Vasaloppet i starten av mars heller, og slikt er kjedeleg når det er langløp du satsar på, seier 32-åringen og held fram:

– Det vart jo slik at plan A om å halde seg frisk og gå bra skirenn frå sesongstart gjekk tidleg fløyten. Så vart det ikkje dei gode treningsperiodane mellom langløpa, tilbakefall på sjukdom og lite kontinuitet i det heile. Då gjekk både plan B og C i vasken også. Eg håpar og trur at neste sesong blir betre.

Ser mot pallen

I ein sesong prega av reserveløysing, som han kallar det, enda Aa Djupvik på 32. plass i samandraget for Ski Classic. Med 56 poeng var det eit godt stykke opp til suverene Anders og Jørgen Aukland som toppa lista.

Heilt i toppen ynskjer også Aa Djupvik å vere – i alle fall på enkeltrenn – kommande sesong.

– Det er ikkje alle renn som passar ein like godt, men slik som Birken, som er hovudmålet og Jizerská Padesátka i Tsjekkia eg håpar å kunne hevde meg. Så er det finaleløpet i Åre, seier han.

– Men er det realistisk å tru at du kan vere heilt der oppe?

– Om ikkje, så hadde eg ikkje orka å halde på. Men berre for to sesongar sidan, så vart eg nummer to på Birken og hadde vel to topp fem plasseringar.

– Lysta var der

Aa Djupvik bur på Lillehammer og er blant ni menn og kvinner som representerer langdistanselaget Team Coop.

– Vi har hatt eit bra opplegg for å kunne satse på langløp, og når eg får same mogelegheit som i fjor, så var lysta der til å gå på ein sesong til, seier han vel vitande om at han då må unngå ei sjukdomsrekkje som i fjor og få kontinuitet i treninga.

Treng meir tid

– Det handlar om å finne rett balansegang mellom konkurranse, trening og kvile. Det spesielle når du driv langløp, er at dei set lengre i og du treng meir tid både før og etter løp, seier Aa Djupvik.

– Men skulle du få like store problem også neste sesong, så tærer vel det på motivasjon og vilje til å gå på nok ein sesong?

– Du kjenner det godt når du føler du ikkje får vist kva du er god for. Det tærer, men så kan eg ikkje tenkje slik for då går det dårleg.