NRK Meny
Normal

Held fram leiteaksjonen i Steigen

Redningsmannskap held fram leitinga etter den siste av dei tre brørne som var meldt sakna i Steigen.

Leteaksjon etter brødre i Steigen

LEITEAKSJON: Politiet får hjelp frå Sivilforsvaret i leiteaksjonen.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Ein av brørne er ein mann på 67 år frå Høyanger. Dei tre brørne vart meldt sakna på søndag, og store ressursar har leitt sidan då. Same kveld vart to av dei funne omkomne i Vinkfjorden ved Steigen i Nordland.

Dei to omkomne er ikkje identifisert. Politiet trur at også den tredje av brørne er omkomen.

Redningsmannskap har tidlegare gjort søk med både fly og dykkarar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.