Hopp til innhold

Held fram jakta på den tredje jerven

Vêret har hindra jakta på den tredje jerven som det er gitt løyve til å felle i Sogn og Fjordane i vår.

Jerv

FELT: To jerv vart felte i Indre Sogn i førre veke. Statens naturoppsyn gir ikkje opp jakta på den tredje jerven som dei har fått ekstraordinært løyve til å ta ut.

Foto: SNO-Aurland-rovviltseksjonen

– Vi er avhengige av gode forhold når vi skal gjennomføre uttaka. Siste dagane har det vore umogleg, men torsdag ser det ut til å bli gode sporingsforhold, seier regionalt viltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein-Arne Golf.

Felte to av tre

Ingen jervar vart felt under lisensjakta i vinter, og det er difor gitt lov til å felle tre jerv med såkalla ekstraordinære uttak. I førre veke felte SNO vaksne hanndyr ved Fåbergstølsgrandane i Luster og Utladalen i Årdal.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

SNO: Rein-Arne Golf er regionalt viltansvarleg i Statens naturoppsyn.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Sporobservasjonar i Gloppen og Jølster gjer at SNO meiner den siste truleg er på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord.

– Vi veit ikkje kvar den er til ei kvar tid, men ein jerv er siste vekene registrert i Naustdal Gjengedal-området. Vi har grunn til å tru at den framleis er der, så vil følgje med, seier Golf.

Fristen for ekstraordinært uttak gjekk ut i går, men SNO har fått i oppdrag om å vere i beredskap om vêr og føre opnar for å felle den siste jerven.

Politikarane har bestemt at det ikkje skal vere rovdyr i Sogn og Fjordane.