NRK Meny

Held fast på nedlegging

Administrasjonen i Bioforsk held fast på framlegget om å flytte forskingsstasjonen på Njøs i Leikanger til Hardanger.

Bioforsk Njøs.
Foto: NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Onsdag skal styret i Bioforsk ta stilling til saka. Nina Heiberg, som er forskingsleiar ved Njøs, legg ikkje skjul på at ho er skuffa over framlegget frå administrasjonen.

- Eg er svært skuffa over at administrasjonen ikkje har teke omsyn til nye moment som har kome fram i saka, og som viser at ei flytting kan få alvorlege konsekvensar for næringa på landsplan, seier ho.

Manglar pengar

Det brenn no eit blått lys for forskingsstasjonen på Njøs, eitt av dei eldste forskingsmiljøa innan landbruk i Norge. For Bioforsk manglar pengar og landbruksdepartementet har alt godkjent at styret får gjere naudsynte omstillingar for å kome i balanse.

- Gir ikkje opp

Onsdag skal styre bestemme seg for kva dei skal gjere. Trass i kraftige protestar lokalt foreslår altså administrasjonen å legge ned stasjonen i Leikanger og flytte dei ni forskarstillingane til Hardanger, men forskarane på Njøs vil ikkje sjå kampen som tapt før slaget er over.

- Vi veit jo ikkje kva styret vil svare, og landbruksdepartementet må godkjenne dette, seier ho.

 

 

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.