NRK Meny
Normal

Høgskulen i Volda held døra open for fusjon

Høgskulane i Møre og Romsdal vil gjerne ha Sogn og Fjordane med på laget i ein framtidig utdanningsinstitusjon.

Høgskulen i Volda

HELD DØRA OPEN: Høgskulen i Volda ser mange likskapspunkt med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Høgskulen i Volda

Men trass gjentekne oppmodingar frå departementet om å kome med fusjonsplanar, held Høgskulen i Sogn og Fjordane fast på at dei vil vere sjølvstendige.

Rektor Marianne Synnes ved Høgskulen i Ålesund ville gjerne visst kva ein kunne tent på ein felles høgskule på nordvestlandet.

– Det er tungt å starte ein fusjonsprosess med partnerar som ikkje ynskjer fusjon. Det blir ein tyngre prosess enn om alle var innstilte på at her skal vi sjå kva vi kan få til.

Regjeringa vil heve kvaliteten på høgare utdanning. For å nå målet må universitet og høgskular slå seg saman, meiner kunnskapsministeren. Men i Sogn og Fjordane og Molde står ein fast på sjølvstende.

– Får ikkje påverke

Per Halse

HELD DØRA OPEN: Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

Foto: Høgskulen i Volda

Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda hadde helst sett at ein kom i gang med samtalar, om ikkje anna.

– Viss ein ikkje i det heile vil gå inn på desse premissane som styresmaktene legg, så er faren større for at den endelege avgjerda blir teken utan at ein sjølv har fått påverka det så mykje som ein kunne.

Høgskulane har frist til slutten av månaden med å kome med nye svar. I Molde skal saka diskuterast meir dei komande vekene. Rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane trur ikkje sjølvstendetanken øydelegg for det som kunne blitt gode løysingar i regionen.

Åse Løkeland

- HAR IKKJE ISOLERT OSS: Rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi diskuterer ganske mykje. Eg hadde seinast rektor ved Høgskulen i Volda på tråden i går, så det er ikkje slik at vi har isolert oss.

Ser mot NTNU

Og rektoren i Ålesund skulle gjerne ha visst kva som kunne ha kome ut av ei samanslåing på nordvestlandet.

– Det er vanskeleg å seie kva vi går glipp av. Vårt fremste fagområde er maritim teknologi, og det får vi styrka ved ein fusjon med NTNU og dei andre teknologitunge høgskulane, seier Marianne Synnes.

I løpet av våren skal stortingsmeldinga om strukturen i høgare utdanning vere klar. I Volda held dei framleis døra open for Sogn og Fjordane, seier Halse.

– For oss i Volda er Sogn og Fjordane veldig avgjerande, for det er der vi har mest faglege likskapspunkt, og kanskje ein del område der vi håpar vi kunne vere med og styrke kvarandre.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser