Hopp til innhold

Hektisk natt for politiet

Promillekøyring, slåsting og handtering av rusa personar var noko av det politiet måtte ta hand om natt til 1. mai.

Politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien/Scanpix

– Det ser ikkje ut som det har vore ei unormal natt, seier leiar ved operasjonssentralen Per Rimmen.

Fleire hundre russ var samla på Sanden i Naustdal, men på politiet sin logg rapporterer dei at dette har gått fint. Fire personar vart viste vekk frå staden, ein av dei var heller ikkje russ.

– Det gjekk greitt føre seg, seier Rimmen.

På Twitter melder politiet at 10–15 personar var involverte i eit slagsmål, utan å spesifisere kvar dette skjedde. Fleire av desse hadde skrubbsår, og ein av dei vart teken med til legevakta i ambulanse for kontroll.

På serveringsstadar i Førde, Florø, Eid og Sogndal var det gjestar som skapte uro og slåst. I Førde var til saman fem personar involverte, og ein av dei vert politimeld av serveringsstaden.

Feststøy var bønemøte

På Eid vart ein person i 30-åra stogga av politiet, mistenkt for promillekøyring. Ein time seinare stogga politiet same stad ein ungdom i slutten av tenåra, også han mistenkt for promillekøyring.

Like over midnatt fekk to bilførarar i Florø forenkla førelegg på 4200 kroner kvar for å ha køyrt i strid med skilting.

I Førde vart det meldt om feststøy frå Bergum, men då politiet kom fram var tilstellinga avslutta, og det synte seg å vere eit bønnemøte og ikkje fest.

Overstadig rusa ungdomar måtte køyrast heim av politiet i Florø og Førde, og ein rusa tenåring i Førde vart sett på buss til Sandane der han skulle til.