Hopp til innhold

Vil forby røyking utanfor samfunnshuset

Fleirtalet av politikarane i Flora vil forby røyking utanfor samfunnshuset. Ei heksejakt, meiner Frp.

Jacob Nødseth og Frank Willy Djuvik er usamde om røykepolitikken i Florø

FORBOD: Jacob Nødseth (H) vil forby røyking utanfor offentlege bygg. Ei heksejakt, meiner Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Montasje (NRK/ScanStockPhoto)

Eit samla helse- og sosialutval i Flora kommune gjekk tysdag inn for å forby røyking ved inngangen til samfunnshuset i Florø. Det provoserer Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

– Dette er ein typisk måte å drive heksejakt på røykarar på, seier han.

Frank Willy Djuvik (Frp)

HEKSEJAKT: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner politikarane i Flora hersar med røykarane når dei no vil forby røyking utanfor offentleg bygg.

Foto: Oddleif Løset/NRK

I spissen for forbodet står Høgre sin leiar i utvalet, Jacob Nødseth.

– Sissel Stavøstrand tok initiativ til dette som medlem av det kommunale rådet for funksjonshemma i Flora. Ho er sjølv lungesjuk.

– Når ho opplever det som vanskeleg å nytte kommunale bygg på grunn av røyking ved inngangen, synes eg det er viktig å ta tak i, seier Nødseth.

  • Kva meiner du om røykeforbodet? Delta i debatten under.

Han fortel at det er eit stort problem. Då han vart fyrst intervjua om denne saka av Firdaposten, telte han fleire røykarar som stilte seg opp ved inngangspartiet.

Røykarane må kome i andre rekke

Jacob Nødseth

TÅKELEGGING: Jacob Nødseth (H) meiner Djuvik tåkelegger debatten.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– For meg er det viktig at samfunnshuset skal vere tilgjengeleg for alle. Då må omsynet til røykarane kome i andre rekke. Men eg er sikker på at vi skal finne gode løysingar for alle.

Det er ikkje Frank Willy Djuvik og Frp like sikker på. Han meiner det er andre måter å avgrense røykinga på, utan å ty til forbod.

– Eg har full forståing for dei som har allergiar og liknande som ikkje har lyst til å gå gjennom ei røyksky for å kome seg inn i eit offentleg bygg.

– Men det kan ein enkelt løyse ved å flytte oskebegera ein annan stad. Då vil ein automatisk trekkje vekk derifrå. Eg trur ikkje på å bruke pisk og forbod for å oppnå ting.

– Røykarar er ikkje vonde

Han meiner vidare at det er underleg at nettopp ein Høgre-politikar frontar forbodet.

– Eg trudde Høgre hadde ein ideologi der kvar einskild tek eit ansvar for seg sjølv og dei rundt seg, utan at politikarar skal blande seg inn som formyndarar med forbod.

– Men det syner seg at det er nokre Høgre-politikarar som ikkje følgjer dette i denne saka. Røykarar er ikkje vonde menneske som har lyst å skade andre, seier Djuvik.

Hvert tredje kreftdødsfall skyldes røyking

FORBOD: Det blir truleg slutt på å kunne suge inn nikotinhaldig røyk utanfor offentlege bygg i Flora.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Tåkelegging

– Det er litt artig å kunne seie i ein debatt om røyking at Frank Willy Djuvik tåkelegg debatten. Eg er sjølv ein politikar som er glad i å bruke fargerike og sterke ord. Men for meg blir det for banalt og enkelt å ta den tilnærminga som Djuvik gjer, svarar Nødseth.

Det blir ei formell sak om dette i helse- og sosialutvalet sitt neste møte 29. mai. Deretter vil saka bli sendt vidare til anten formannskapet eller bystyret.

Både Nødseth og Djuvik trur det er stort fleirtal for forbodet.

– Dette er nok eit eksempel på at når politikarar kjem over ting dei ikkje likar så løyser dei det med forbod. Det ligg vel litt i naturen at politikarar er enkle. Så dette går nok gjennom i formannskapet, avsluttar Frank Willy Djuvik.

  • Kva meiner du om røykeforbodet? Delta i debatten under.