Hopp til innhold

Herre min hatt for ein festival!

Mafiahatt, matrosluer, skipperlue, caps eller stråhatt. I år er det heitt å gå med hatt på Utkant-festivalen!

I langt over 20 graders varme er det veldig greitt å ha noko på hovudet, noko ikkje minst festivalpublikumet på Utkant-festivalen i Skjerjehamn i Gulen har funne ut.

Talrike ulike hovudplagg har vore å sjå overalt på den vesle øya der festivalen blir skipa til.

– Kvifor eg går med hatt? Sjølvsagt fordi det er kult, men også litt fordi det vernar litt mot sola, fortel ein av dei som hadde funne fram stråhatten for anledninga.

Fredag kveld aular det med folk i Skjerjehamn, og arrangørane kan fortelje at det nesten garantert går mot rekord for festivalen.

I biletserien nedanfor kan du sjå andre bilete frå musikksommarfesten. Er du på festivalen og legg ut bilete på Instagram, merk dei gjerne med #nrksf - så kan vi bruke bileta på sidene våre!

Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..