Hopp til innhold

Heit Frp-krangel om sjukehus

– Det er fullstendig uforståeleg at Framstegspartiet i Eid oppmodar pasientar frå Nordfjord om å slutte å bruke sjukehuset i Volda. Det seier Roald Espset, leiar i Volda Framstegsparti.

Volda sjukehus

REISER TIL VOLDA: Etter at føde- ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus vart nedlagt for nokre år sidan, har mange nordfjordingar drege over fylkesgrensa til Volda for å kome seg til sjukehus.

Foto: Helse Sunnmøre

Lars-Svein Drabløs.

LIKAR IKKJE. Pasientar frå Nordfjord må slutte å dra til Volda, meiner Lars Svein Drabløs (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Leiar i Eid Framstegsparti, Lars Svein Drabløs, si oppmoding til nordfjordingane om å slutte å bruke Volda sjukehus, har sett sinna i kok i Volda.

Roald Espset, leiar i Volda Framstegsparti, karakteriserer Drabløs sitt utspel som uforståeleg.

– Det er pasientane sitt ve og vel som må ha førsteprioritet, og sett i det lyset er Drabløs sitt utspel uforståeleg. Det er sjølvsagt naturleg at nordfjordingane vel sjukehuset i Volda sidan Volda ligg mykje nærare Nordfjord enn Førde, seier han.

Skuldar møringane for å rappe pasientar

Drabløs meiner på si side at møringane prøvar å rappe flest mogleg pasientar frå Nordfjord for å redde sitt eige skinn.

– Den omfattande sjukehusstriden i Møre og Romsdal gjer at tilsette ved Volda sjukehus skjelv i buksene. Dei fryktar nedlegging og ønskjer å dra til seg flest mogleg pasientar frå Nordfjord for å styrkje sin eigen posisjon. Men nordfjordingar bør støtte sitt eige helseføretak og velje sjukehusa på Nordfjordeid og i Førde, seier Drabløs.

Volda ligg nærast

Etter at føde- og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus vart lagt ned for nokre år sidan, har mange nordfjordingar drege over fylkesgrensa til Volda for å kome seg til sjukehus. Dette mellom anna fordi Volda ligg mykje nærare Nordfjord enn det Førde gjer.

Likevel oppmodar no Drabløs nordfjordingane til å nytte sjukehuset i Førde. Dette fordi han fryktar at heile Helse Førde skal smuldre opp.

– Går pasientane frå Nordfjord over til Møre og Romsdal, er det ikkje mykje igjen av Helse Førde. I ein slik situasjon vil det vere ein stor fare for at sjukehuset i Førde blir ein filial under Bergen, seier han.

Volda-ordføraren provosert

Arild Iversen

UTRULEG: KRF-ordførar Arild Iversen meiner det er uforståeleg at Lars Svein Drabløs oppmodar nordfjordingane til å kutte ut Volda sjukehus.

Foto: Trond Vestre / NRK

KrF-ordførar Arild Iversen i Volda har litens sans for utspelet frå Drabløs.

– Det er underleg at ein politikar frå Nordfjord nærast vil tvinge sine eigne innbyggjarar til å reise to til tre gonger lenger enn nødvendig for å få helsehjelp. Fylkesgrensene bør ikkje vere avgjerande for kva sjukehus ein bør dra til, seier han.

Drabløs hadde helst sett at fødeavdelinga på Nordfjordeid blir opna igjen, og han ønskjer ikkje noko samarbeid mellom helseføretaka på dette området.

– No må avtalen mellom Helse Vest og Helse Midt-Norge om fødande frå Nordfjord i Volda seiast opp, seier han.

Meiner det kan vere farleg å velje Førde

Iversen meiner på si side det er nærast utruleg at Drabløs oppmodar pasientane til å velje eit tilbod som krev mykje lenger reisetid.

– Dersom du har ein alvorleg livstrugande sjukdom, kan det vere heilt avgjerande å kome seg til det sjukehuset som ligg nærast, seier han.

– Så det kan nærast vere farleg å velje Førde framfor Volda?

– I enkelte tilfelle kan det vere det, seier Iversen.