Hopp til innhold

Heimkomsten vart alt anna enn Flo håpa på

(SOGNDAL – TROMSDALEN 1-1) Ulrik Flo spelte sin første heimekamp for Sogndal sidan 2015. Det gjekk ikkje heilt slik han hadde sett for seg.

Ulrik Flo i kampen mot Tromsdalen

Tung dag på jobben for Ulrik Flo (sitjande).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var kjekt, men ikkje heilt slik eg hadde håpa. Eg hadde håpa på tre poeng, og kanskje ei scoring sjølv, seier ein skuffa Ulrik Flo etter re-debuten på heimebane.

Laster innhold, vennligst vent..

– Må vera betre

Flo spelte for Sogndal frå 2007 til 2015, då han gjekk til Odd. Sidan har han vore innom danske Silkeborg, før han gjekk til Fredrikstad i 2016. Det to år lange opphaldet der enda med nedrykk til 2. divisjon i fjor. I vinter kom han tilbake til gamleklubben, men sesongen så langt har kanskje ikkje vore det stryningen såg for seg. To poeng etter to kampar og eitt mål er status for opprykksfavoritten Sogndal.

Ulrik Flo og Eirik Bakke

Ulrik Flo tek i mot instruksar frå trenar Eirik Bakke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Skal me kapra ein av dei to første plassane i ligaen, så må me gjera ting betre enn me gjorde i dag, seier Flo.

Det var lite som varma for heimepublikummet på Fosshaugane Campus søndag kveld. Tromsdalen gjekk opp i leiinga allereie etter fire minutt etter ei fantastisk scoring av Jo Nymo Matland, og Sogndal sleit med å skapa noko som helst. Ikkje før tre minutt før full tid fekk Eirik Schulze hol på byllen for heimelaget.

Sjølv om domaren la til fire minutt på slutten, så makta ikkje Sogndal å scora fleire mål.

Tromsdalen i tverra

– Eg er skuffa, slik som stort sett alle andre på Fosshaugane i dag, seier trenar Eirik Bakke.

Tromsdalen kunne fort ha teke med seg alle tre poeng nordover att. Etter 61 minutt kunne dei dobla leiinga, då Mohammed Ahamed chippa ballen over Sogndal-keeper Mathias Dyngeland. Ballen gjekk i tverra.

– Det viser at det blir tøffe tak utover. Kampen kunne fort vore avgjort med tverrliggarskotet til Tromsdalen. Så i dag tek me med oss at me ikkje tapte og at me tek med oss poeng. Laget er nok ikkje heilt nøgde med eigne prestasjonar. Det seier seg sjølv, det treng ikkje eg seia til det, seier Bakke.

Ulrik Flo etter Tromsdalen si scoring

Ulrik Flo ventar på at Tromsdalen skal bli ferdig å feira målet sitt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tromsdalen sin målscorar, Jo Nymo Matland, dreg lenge på svaret på spørsmålet om Sogndal er ein opprykkskandidat slik dei spelte i dag.

– Det er vanskeleg å seia. Dei slår frykteleg mykje langt og spelar fysisk. Det brukar å fungera i denne ligaen, men me får sjå. Eg syns dei slår for mykje langt, seier Matland.

– Det er ei revansjesugen kjensle eg sit att med no. 1–1 mot Tromsdalen er ikkje godt nok. Eg er veldig ivrig på å retta opp att det mot Mjøndalen neste helg, avsluttar Ulrik Flo.