Hopp til innhold

Heimevernstyrken er halvert, men oppgåvene har vorte fleire

Heimevernstyrka er redusert frå 85000 til 45000 dei siste åtte åra. Men oppgåvene er vorte fleire.

Heimevernsoldatar

HEIMEVERNSØVING: Heimevernet ransakar bilar og folk som prøver å komme seg inn på det gamle skipsverftet i Førde.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Heimevernet får ein del nye oppgåver. Me er ein krigsorganisasjon og skal framleis vere det, men ein betydeleg del av innsatsen går no til å beskytte det sivile samfunnet fortel kaptein og områdesjef for Kinn HV, Stein Mortensbakke.

Han held fram:

– Eit eksempel på det er jenta som forsvann i Ålesund. Heimevernet var då raskt inne med 70 mann. Me ser jo dessverre fleire og fleire av desse tilfella, enten det er turgåarar som forsvinn av naturlege årsaker eller kriminelle handlingar som skjedde der.

Både redningsaksjonar, leiteaksjonar, flaumsikring, naturkatastrofar og terror er situasjonar Heimevernet no må vere førebudde på.

– Er det ei skikkeleg krise er me ein av dei få styrkane som kan kommandere ut folk. Røde Kors og tilsvarande organisasjonar er avhengige av at folk stiller frivillig og det kan vere vanskeleg i ein krisesituasjon. Me kan kommandere folk ut på ganske kort tid og dei er pliktige til å møte. Skulle det skje noko er Heimevernet ein viktig innsatsstyrke, seier Mortensbakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein Mortensbakke

FØRDE: Kaptein og områdesjef Stein Mortensbakke til venstre

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Ein halvert styrke

Heimevernet sin innsatsstyrke blei redusert frå 85000 til 45000 soldatar under ei kvalitetsreform i 2005. NRK har vore i kontakt med Forsvarsdepartementet, der vi vart viste vidare til Heimevernet. Kommunikasjonssjef i Heimevernet, Nils Arne Skaret, meiner det var riktig å kutte styrka.

– Ein har eit forsvarsbudsjett å rette seg etter, og då må ein sjå på den økonomien ein har og tilpasse Heimevernet til den. 45000 trente soldatar er jo mykje betre enn 85000 soldatar som ikkje er trente.

Skaret forklarar kutta med at dei ønskte å gje meir øving til soldatane, framfor å behalde talet på soldatane.

– Me såg eit Heimevern som ikkje hadde fått nok trening, som ikkje hadde materiell og som ikkje hadde nok kompetanse. Det var mykje energi og vilje i styrken, men me måtte gjere justeringar slik at styrken kunne trenast. Ein styrke som ikkje øver har lita operativ verdi. Soldatane må ha tid saman for å verte gode.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heimevernsøving

FØRDE: Heimevernsoldat ladar om etter skyting

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Kommunikasjonssjefen i Heimevernet fryktar ikkje at oppgåver som leiteaksjonar, flaumsikring, eller utrykking ved naturkatastrofar skal verte vanskelege med ei halvert styrke.

– Eg trur slike oppdrag er sekundære oppdrag for Heimevernet. Men ein trent styrke vil framleis kunne løyse desse. HV-soldaten bur i lokalsamfunnet og er lommekjend i bygda si. Dei er kanskje dei beste til å støtte politiet i slike aksjonar.

Han held fram:

– Det er sikkert nokon som er kritiske og kunne ønske seg mykje meir fordi dei er veldig ambisiøse, men trass alt øver ein mykje meir no enn i 2009 då det var heilt stopp i øvingane. Då hadde me ikkje pengar til å trene områdestyrkane i det heile tatt, men no øver ein fire-fem dagar annakvart år - og det er vesentleg betre enn slik det var i 2009.

(Artikkelen held fram under bilete)

Heimevernsøving

ØVING I FØRDE: Soldatar ransakar ein person som har forsøkt å smugle sprengstoff inn på det vakta området.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Kaptein og leiar for Kinn HV, Stein Mortensbakke, framhevar kor viktig ein sterk Heimevernstyrke kan vere i slike situasjonar.

– Det handlar om å få inn nok folk tidsnok. Dersom ein person har forsvunne i eit fjellområde der ein må gå med to meters mellomrom treng ein mykje folk fort, og det er ikkje alle som kan ta fri midt på dagen. Men Heimevernet kan som sagt kommandere folk ut og skal vere klare på knappe fire timar.

Han meiner kutta går ut over arbeidet til heimevernet.

– Det blir for langt mellom øvingar til at ein blir veldig flinke.