Hopp til innhold

Heim til Årdal etter fire år i Høyanger

Wenche Eldegard tek over som fabrikksjef ved Hydro Årdal etter fire år som fabrikksjef ved Hydro Høyanger.

Wenche Eldegard

HEIM TIL ÅRDAL: Wenche Eldegard har pendla mellom Årdal og Høyanger i fire år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Egil Fredriksen, som har vore fabrikksjef i Årdal dei siste åra, skal over i ei anna rolle i Hydro-systemet.

Det er enno ikkje avgjort kven som skal ta over etter Wenche Eldegard i Høyanger. Ho blir verande der til ny fabrikksjef er på plass, seinast 1. mai.

Eldegard er frå Årdal og ser fram til å få jobbe der ho bur.

– Dette er noko eg gler meg til. Årdal er i godt driv no, det har skjedd mykje der dei siste åra når det gjeld stabilitet i prosessane og ikkje minst i forbetringsarbeidet. Det er eit verk eg kjenner frå tidlegare jobbar. Eg gler meg til å kunne bidra til å utvikle verket vidare.

– Du har vore fire år i Høyanger. Korleis blir det å forlata den staden?

– Det er blanda kjensler, det skal eg vedgå. For eg har hatt ei utruleg flott tid i Høyanger. Det er eit verk og ein organisasjon som er veldig framoverlent og flink, og det er veldig mykje spennande på gang.

– Men alt til si tid, eg såg føre meg fire til fem år i Høyanger, og no har eg teke til på det femte året. Det har vore veldig spennande, men no er eg klar til å gjere noko anna, så eg er veldig glad for at eg fekk sjansen i Årdal.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

FÅR NY SJEF: Hydro Årdal metallverk i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skal skaffe erstattar i Høyanger

Wenche Eldegard har heile tida hatt familien sin i Årdal, og ikkje minst difor ser ho fram til å byte arbeidsplass.

– Det å pendle har gått over all forventning, fordi eg har ein familie som har klart seg bra og teke eit ekstra tak. Men det er klart at det å kome heim til familie og vener, det gler eg meg til.

Det er enno ikkje tilsett ny fabrikksjef i Høyanger, men Wenche Eldegard er trygg på at verket der vil vere i gode hender framover.

– Dette er ein spennande sjanse for dei som vil prøve seg. Eg håpar vi får mange gode kandidatar, eg kan skrive under på at det er ein veldig spennande jobb. Eg startar arbeidet med å få inn ein erstattar i dag.

– Optimistisk

Aluminiumverka i Årdal og Høyanger hadde samla tresifra tal millionar i overskot i fjor, men utsiktene er ikkje fullt så gode i år med fallande metallprisar. Men Eldegard seier at begge verka er godt rusta for trongare tider.

– Eg er optimistisk med tanke på aluminiumindustrien og Årdal og Høyanger. Det har vore gjort mykje godt arbeid dei siste åra nettopp for å gjere verka robuste. Vi veit at om vi skal overleve i denne industrien må vi tole svingingar i metallprisen, for dei vil kome. Men vi må alltid ligg eit hakk føre når det gjeld forbetringar.

Egil Fredriksen

TIL HØYANGER: Egil Fredriksen har også pendla mellom Årdal og Høyanger siste åra. No blir det slutt på det, men reising blir det ein del av.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Med Høyanger som base

Egil Fredriksen skal inn i ei ny stilling som forbetringssjef i Hydro. Han skal ha heimstaden Høyanger som base i den nye jobben. Han meiner at pilene peikar i rett retning både for Årdal og Høyanger.

– Godt samarbeid mellom tilsette, tillitsvalde og leiing har gitt mange fine resultat som lovar bra for framtida.