Hopp til innhold

Johan og Johannes gjorde reint bord

Dagens NM-jaktstart for 17- og 18-åringar vart ein einaste jubeldag for Markane og Team Statkraft Nordfjord.

Johannes Thingnes Bø under sommarski-NM i Sirdal.

Slik jublar ein norsk meister. Johannes Thingnes Bø inn til gull under søndagens NM-jaktstart i Sirdal.

Foto: Runar Lien

Johannes Thingnes Bø og Johan Eirik Meland kopierte suksessen laurdag og knuste all motstand i dagens jaktstart under NM i sommraskiskyting i Sirdal.

På toppen av dette sikra Tarjei Bø seg sølv både på laurdagen sprint og jaktstarten søndag.

- Dette var utruleg innsats. Det er slikt ein alltids kan håpe på, men også slikt ein berre opplever dersom det er full klaff, jublar Klemet Bø etter å ha sett løparane sine sikre Markane og Team Statkraft Nordfjord fire gull og tre sølv i eit NM.

- Kan ikkje vere meir nøgd

Thingnes Bø parkerte konkurrentane i 18-årsklassa, men fekk følgje av lagkamerat Jarle Midthjell Gjørven og Håkon Svaland (Birkenes) på pallen. I år som i fjor vart det gull i begge disiplinane i NM.

- Med to gull i bagasjen kan eg ikkje vere meir nøgd. Eg visste at eg var i god form og at skytinga har site bra. Før eg reiste spøkte eg med meg sjølv at det ikkje kunne gå dårlegare enn i fjor, seier Thingnes Bø og vedgår at han var sin eigen favoritt.

Gull som varma

Førsteårsjunior Meland vann 17-årsklassa, med Didrik Maltun og Vebjørn Evjen på dei neste plassane. Gullmedaljene varma veldig i eit vått og grått Rogaland.

- Det var laber stemning då vi kom ned. Budde langt frå stadion og såg rett inn i skogen. Det regna og var skodde, men så gjekk det berre betre og betre då eg vann sprinten, seier Meland som også hadde full pott med to gull som mål.

Første ståande

- I går gjekk det bra i sporet og eg skaut bra. I dag gjekk det strålande. Eg føler meg i ganske bra form, men det sprutar ikkje akkurat i sporet, seier han.

For Meland vart det første møte med ståande skyting i ein konkurranse. Sjølv om det til slutt vart fem bom på søndagen, er han nøgd.

- Det var vel like mange som Tarjei. Det er ikkje noko problem så lenge du klarer å fokusere hundre prosent. Det er berre å kople ut speaker og alt, seier han.

Gler seg stort

Thingnes Bø vart nummer to i Norges Cupen i fjor. I år er målet ungdoms-OL i Liberec.

- Det er dei to første Norges Cup-helgane som avgjer kven som får reise. Det er dei tre beste i 17- og 18-årsklassa som får reise, seier han.

Tarjei Bø gler seg stort over over prestasjonane til veslebror sin.

- Det er kjempekult. Det er artig at han ser litt på meg, kanskje lærer litt av meg i tillegg til at han trenar veldig bra sjølv og tykkjer det er artig å halde på, seier han.

- Må i hardtrening

Johannes uttalte i fjor at han ynskjer å bli betre enn Tarjei. Den meir meriterte seniorløparen ser ikkje vekk i frå at det kan skje.

- Han kan klare det om han gjer det rett og har litt flaks. Eg får legge meg i hardtrening så han ikkje tar meg att, ler Tarjei.