Hopp til innhold

Heilt utmatta av å sjå si eiga bok som teater

FØRDE (NRK): Brynjulf Jung Tjønn fekk laurdag oppleve å sitje på sidelinja og sjå hans eiga bok i ei heilt ny presentasjonsform. Det vart ei nervepirrande, men god, oppleving.

Brynjulf Jung Tjønn

NØGD TILSKODAR: Brynjulf Jung Tjønn var svært positiv til måten Sogn og Fjordane teater har behandla boka hans på.

Foto: Saeculo

I 2013 gav Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Vik kommune, ut ungdomsboka «Så vakker du er». Den handlar om ein gut som snart er ferdig med 10. klasse, og som har ein kreftsjuk onkel som ikkje har lenge igjen å leve. Samstundes opplever Henrik å bli forelska, midt oppi alle dei andre tankane som surrar i hovudet.

Laurdag hadde Sogn og Fjordane teater urpremiere på sin versjon av boka. Og blant publikum sat sjølvaste forfattaren av boka stykket er basert på.

– Eg er litt utmatta. Eg var konsentrert heile tida, for eg kjenner jo boka så godt og har på ein måte min visuelle versjon av kva som skjer, fortel Tjønn etter ei intens oppleving i Førdehuset i Førde.

Kjende igjen boka i stykket

Bak teaterstykket står regissør Miriam Prestøy Lie frå Fjaler og Thea Hjelmeland frå Førde, som står for musikken og spelar ei av hovudrollene. Regissøren var ikkje i tvil om at boka kunne bli bra teater.

– Boka tok meg rett tilbake til mi eiga ungdomstid og trefte meg veldig. Den har eit heilt spesielt språk og er eigna for teater, seier Prestøy Lie.

Så vakker du er - teaterstykke

EI AV HOVUDROLLENE: Thea Hjelmeland hadde ansvar for musikken i tillegg til å ha ei av hovudrollene.

Foto: Sogn og Fjordane Teater

Saman med Thea Hjelmeland har dei teke med seg handlinga frå boka, men samstundes lagt på musikk og videokunst i bakgrunnen. Bokforfattaren meiner dette moderniserte boka, og er over det heile imponert over det han såg.

– Eg kjenner igjen dialogar og scener og eg synest dei har løyst det på ein utruleg fin måte. Det er noko heilt anna enn eg sjølv ville klart å finne på, og det er positivt meint. Eg trur dette vil fenge både unge og vaksne, sjølv om det er basert på ei ungdomsbok.

– Kunne aldri gjort det same

Sjølv sat han i Oslo, der han bur, medan førebuingane gjekk føre seg i Førde. Sjølv var han ikkje involvert i det heile, heilt bevisst.

– Det er klart det er ei veldig spesiell kjensle å sjå at nokon har jobba med dette, og sjå resultatet, seier Tjønn.

– Har du respekt for måten boka di er behandla her?

– Absolutt, og gjort visuelt og lydmessig veldig spennande. Eg kunne aldri jobba meg fram til noko liknande sjølv. Så eg synest dette var kjempemoro.

Teaterstykket skal etter kvart også ut på vegen med Den kulturelle skulesekken og synast fram for ungdomsskuleelevar over heile Sogn og Fjordane.

– Eg trur dei vil få ei ganske fin oppleving, for det er løyst på ein måte som gjer at unge som ikkje har særleg interesse av teater vil kunne synest det er spennande. Samtidig får det også med alvoret og det poetiske.