– Det er ein plass du ikkje kunne tru at nokon fekk bu, seier eigedomsmeklar Stian Grøtte.
Natt til torsdag la han ut bustaden på Loftesnes i Sogndal for sal. Ifølgje han har telefonen ringt i eitt sidan han vakna torsdag morgon.
Freda bygning
Det ærverdige huset blei bygd av sorenskrivar Michael Fleischer i 1776. Nokre år seinare flytta sorenskrivar Lars Johannes Irgens Fleischer inn, før bror hans, Hartvik Irgens, flytta inn på garden. Han var postopnar i Sogndal.
Ifølgje historia var Irgens litt for ivrig på å arrangere fest og selskap. Difor skal huset ha blitt tvangsselt i 1896. I tillegg til å ha blitt brukt som bustad for sorenskrivaren i Sogn, er huset også blitt brukt til skulebygg for folkehøgskulen i Sogndal.
– Huset har ei fantastisk historie. Den er så majstetisk at det nesten ikkje er til å tru, seier Grøtte.
Huset på Loftesnes er lagt under fredningsvedtak, men somme endringar er gjort med eigedommen.
Vel seks millionar kroner
Ifølgje Grøtte er det ei vaksen kvinne som har bestemt seg for å selje bustaden, etter å ha budd i huset sidan 1990-talet. Prisantydinga er på seks og ein halv million kroner.
– Det var nesten umogleg å bestemme oss for kva pris vi skulle setje. Vi hadde ingen liknande bustader å samanlikne med.
Han trur det er nokon frå Sogn som kjem til å bli neste eigar av sorenskrivargarden.
– Eg vil tru det er nokon med lokal tilhøyrighet. Området er strålande. På folkemunne er dette ein av dei flottaste eigedommane i heile Sogndal.
Eliten i fylket
Den gamle ballsalen i huset blei nyleg modernisert med tilskot frå fylkeskommunen på over éin million kroner.
Skal vi tru historia, var det i denne salen at eliten i Sogn og Fjordane ofte samla seg og festa i mange dagar i strekk.
Tapetet på veggane i salen i dag, er det same som for 240 år sidan.
– Det er verkeleg fantastisk at så mykje av historia framleis finst i huset. For å rehabilitere tapetet då ballsalen blei pussa opp, sat to kvinner med kikkert på auga i fleire veker for å gjere det skikkeleg, seier Grøtte.