Hopp til innhold

Heilt unik eigedom i Sogn lagt ut for sal

Klarer du å leggje seks millionar på bordet, kan du bli eigar av ein av dei mest spekatakulære eigedomane i Sogn og Fjordane.

Loftesnes gard i Sogndal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ein plass du ikkje kunne tru at nokon fekk bu, seier eigedomsmeklar Stian Grøtte.

Natt til torsdag la han ut bustaden på Loftesnes i Sogndal for sal. Ifølgje han har telefonen ringt i eitt sidan han vakna torsdag morgon.

Freda bygning

Det ærverdige huset blei bygd av sorenskrivar Michael Fleischer i 1776. Nokre år seinare flytta sorenskrivar Lars Johannes Irgens Fleischer inn, før bror hans, Hartvik Irgens, flytta inn på garden. Han var postopnar i Sogndal.

Ifølgje historia var Irgens litt for ivrig på å arrangere fest og selskap. Difor skal huset ha blitt tvangsselt i 1896. I tillegg til å ha blitt brukt som bustad for sorenskrivaren i Sogn, er huset også blitt brukt til skulebygg for folkehøgskulen i Sogndal.

– Huset har ei fantastisk historie. Den er så majstetisk at det nesten ikkje er til å tru, seier Grøtte.

Huset på Loftesnes er lagt under fredningsvedtak, men somme endringar er gjort med eigedommen.

Vel seks millionar kroner

ballsal

BALLSAL: I den gamle ballsalen er det framleis det originale tapet på veggane. Ifølgje historia blei det arrangert mange festar for eliten i Sogn og Fjordane her inne.

Foto: Espen Wilhelmsen

Ifølgje Grøtte er det ei vaksen kvinne som har bestemt seg for å selje bustaden, etter å ha budd i huset sidan 1990-talet. Prisantydinga er på seks og ein halv million kroner.

– Det var nesten umogleg å bestemme oss for kva pris vi skulle setje. Vi hadde ingen liknande bustader å samanlikne med.

Han trur det er nokon frå Sogn som kjem til å bli neste eigar av sorenskrivargarden.

– Eg vil tru det er nokon med lokal tilhøyrighet. Området er strålande. På folkemunne er dette ein av dei flottaste eigedommane i heile Sogndal.

Eliten i fylket

Den gamle ballsalen i huset blei nyleg modernisert med tilskot frå fylkeskommunen på over éin million kroner.

Skal vi tru historia, var det i denne salen at eliten i Sogn og Fjordane ofte samla seg og festa i mange dagar i strekk.

Tapetet på veggane i salen i dag, er det same som for 240 år sidan.

– Det er verkeleg fantastisk at så mykje av historia framleis finst i huset. For å rehabilitere tapetet då ballsalen blei pussa opp, sat to kvinner med kikkert på auga i fleire veker for å gjere det skikkeleg, seier Grøtte.