Heilt ope kven som vert ordførar i nye Sunnfjord

Ei veke før valet er det heilt ope kven det blir som sikrar seg ordførarklubba i nye Sunnfjord kommune. Det viser ei måling avisa Firda har gjort.

Olve Grotle, Jenny Følling og Helge Robert Midtbø

KJEMPAR OM ORDFØRARVERVET: Olve Grotle (H), Jenny Følling (Sp) og Helge Robert Midtbø (Ap).

Foto: MONTASJE: Ole Kollstrøm Heilevang og Odd Helge Brugrand / NRK

For første gong er det i haust val i nye Sunnfjord kommune, som består av Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Men så langt er det ingen av dei politiske partia som klarar å sikre seg fleirtal heilt åleine i den nye storkommunen.

Det er resultatet etter at Firda har gjennomført ei meiningsmåling for nye Sunnfjord kommune.

– I dei fire kommunane som no slår seg saman så er det i dag ulike samarbeidskonstellasjonar, dermed så er det ope kva parti som vel å samarbeide etter valet, seier Olve Grotle som er ordførarkandidat for Høgre i Sunnfjord kommune.

Dagens førdeordførar held korta tett til brystet når det gjeld kven han kan tenke seg å samarbeide med.

– Svaret for Høgre er nok som for dei fleste parti, vi vil sjå kva valresultatet blir til slutt. Men vi har sagt at vi vil snakke med dei fleste parti, seier Grotle.

Olve Grotle og Helge Robert Midtbø

KOMMUNEVAL: Kan Høgre og Arbeidarpartiet finne tonen også i nye Sunnfjord kommune, og kven får i så fall ordføraren?

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ingen klare fleirtal

I målinga er Senterpartiet den store vinnaren med ein oppslutnad på 31 prosent, noko som ville gitt 14 mandat i det nye bystyret. Men dette er ikkje nok til å sikre ordførarvervet, også Senterpartiet må ut og forhandle.

– Vi må samarbeide med andre for å få eit styringsdyktig fleirtal, seier Jenny Følling, som er ordførarkandidaten til Senterpartiet.

Ei veke før valet er Følling nøgd med å få så stor oppslutnad i ei partimåling, men er og klar på at jobben ikkje er gjort før valet er over.

– No handlar det om å få eit best mogleg valresultat, og å få så god oppslutnad om politikken til Senterpartiet som mogleg. Eit godt valresultatet vil vere viktig for å få eit best mogleg utgangspunkt for forhandlingar. Vi vil snakke med dei som ligg oss nærast utan at eg vil konkretisere det nærare no, seier Følling.

På friarføter

Både Høgre og Senterpartiet held alle dører opne for kven dei vil forhandle med om ordførarklubba etter valet. I Arbeidarpartiet sender ordførarkandidaten allereie no ut ein følar til Senterpartiet.

– Vi er opne for å forhandle med Senterpartiet, men og dei andre partia som vert representerte i kommunestyret i Sunnfjord, seier Helge Robert Midbø, ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet.

I den siste partimålinga har partiet hans ein oppslutnad på 22,4 prosent, noko som ville gitt ti mandat i bystyret i den nye storkommunen i Sunnfjord.

– Vi har som mål å få ordføraren i nye Sunnfjord kommune. Det er målet til etter valet og forhandlingane byrjar, seier Midtbø.

Ved førre korsveg trekte Arbeidarpartiet det kortaste strået i kampen om ordførarvervet i Førde, sjølv om partiet var det største etter valet.

– Ved førre val hadde Arbeidarpartiet 34 prosent, og det neste partiet hadde 22 prosent. Likevel var det ikkje Arbeidarpartiet som fekk ordføraren. I slike forhandlingar kan alt skje, seier Midtbø.