Hopp til innhold

Heilt ok med bompengar

Godtek bompengar på kystvegen om Staten stiller opp.

bomstasjon
Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Næringslivet i Selje, Bremanger, Flora og Førde vil godta bompengefinansiering både av av kystvegen mellom Måløy i Florø og opprustinga av stamvegen til Førde, skriv Firda.

- Det sit langt inne hjå næringslivet å akseptere brukarbetaling. Men no må vi få gjort ei heilskapleg samfunnsinvestering som er tvingande nødvendig. Å knyte tettare kontakt er eit vere eller ikkje vere for dette fylket, seier Rolf Årdal i Sunnfjord næringsråd og Leif Arne Åsen frå Føre Industri Foreining, til Firda.

Dei krev no at Bremanger 2 blir starta opp med midlar over statsbudsjettet neste år. Når det er ferdig vil dei at bygginga av kystvegsambandet Flora-Bremanger-Måløy skal ta til.