Hopp til innhold

Bernt Haakon fekk øydelagd store areal etter flaumen - no vonar han på hjelp frå staten

LÆRDAL (NRK.no) Skadane etter storflaumen sist veke syner seg meir og meir for mange av dei som blei hardast råka i Indre Sogn. Bærbonden Bernt Haakon Voll frå er ein av mange som er heilt avhengig av hjelp til å kome seg på beina att etter vatnet sine herjingar.

Bernt Haakon Voll i Lærdal

TØFFE TAK: For bærbonden Bernt Haakon Voll har flaumen ført til store utfordringar og store tap.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I kveld var mange samla til møte med mellom anna Naturskadefondet, og for Bernt Haakon Voll frå Lærdal var det viktig å få møte dei som kan hjelpe han gjennom ei vanskeleg tid etter flaumen.

– Vi har leigd eit areal der det er utplanta ein 15–16 mål med bringebær, og rundt halvparten for med flaumen. Det har blitt til ei steinrøys, fortel Voll til NRK.

Håpar å få dekka alt

For han og dei andre råka bøndene har storflaumen ført til mykje ekstraarbeid, men også store økonomiske tap om dei ikkje får noko dekka gjennom Naturskadefondet.

– Eg håpar jo å få dekka alt, men om det skjer veit eg ikkje. Det er berre eit håp eg har. Eg er 100 prosent avhengig av hjelp til å kunne halde fram. Eg har ikkje økonomi til å starta opp att det der sjølv, og det er jo veldig usikkert kva som no skjer, seier Voll.

Søk raskt om erstatning

Gunn Eide frå Naturskadefondet var ein av dei som orienterte dei frammøtte i Lærdal i kveld, og ho er klar på kva dei flaumråka må gjere no for å få den hjelpa dei kan ha krav på.

Gunn Eide på møte i lærdal

MANGE SPØRSMÅL: Gunn Eide frå Naturskadefondet måtte svare på spørsmål om korleis dei flaumråka kan få erstatning for mellom anna øydelagd landbruksareal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Folk lurer på om dei får erstatning og korleis reglane er for det, og det har eg prøvd å svare på så godt eg kan. Dei som har fått naturskade på ting som ikkje kan forsikrast kan melde slike skader til lensmannen og få dei til å vurdere og taksere. Det gjeld blant anna skader på areal, bruer og vegar som er eigd av private, fortel Eide.

Mykje er øydelagd

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, er oppteken av at ein no må setje fokus på å få landbruksbygda Lærdal klar for ein ny vekstsesong neste år, og at alle gode hjelparar må trå til for å få til dette.

– Det er jo ganske utruleg at vi får ein flaum i ei bygd der vi er heilt avhengige av vatn i vekstsesongen. To store vatningsanlegg har blitt øydelagde, det kan få store konsekvensar om dei ikkje kjem i gang att. Også fleire viktige grøfter er øydelagde, seier Solheim.

Har tapt mykje tid

Han peikar på at det er viktig at staten og forsikringsselskapa er raske slik at dei får sikra med ein gang. For bærbonden Bernt Haakon Voll er dette også svært viktig.

– Vi har tapt mykje tid, og vi er sett langt tilbake i høve det arbeidet vi hadde gjort. Vi har arbeidd med dette i heile sommar og haust og alt er vekke. Det er litt surt. Vi treng støtte frå fonda for å kome i gang med alt. Vi skal få det til om vi får hjelp, men det er ikkje godt å seie ...

Slik ser det ut i Lærdal etter flaumen som herja og førte til at 31 personar var evakuert.