NRK Meny
Normal

Heile verdas presse vil ha ein bit av han

Etter at boka hans om alle verdas land har blitt gjeve ut på engelsk har den internasjonale merksemda stige brått rundt globetrotter Gunnar Garfors.

Gunnar Garfors på Tuvalu

PÅ NYE EVENTYR: Boka om alle verdas land er så langt gjeve ut på norsk og engelsk, men truleg kan det bli fleire språk etter kvart. Biletet er frå då forfattaren Gunnar Garfors var på Tuvalu, ein øystat i Polynesia i Stillehavet.

Foto: Samlaget

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Det har teke heilt av, seier globetrotteren frå Naustdal.

I fjor gav han ut boka «198» i Norge som handlar om å reisene hans til I juli i år vart den tilgjengeleg også på engelsk. På kort tid har han fått stor merksemd i utlandet. Blant anna har store aviser og mediehus som Daily Mail, Fox News og Buisness Insider skrive om naustedølen og boka hans.

Intervju i USA, Irland, Sør-Korea og Romania

– Måndag har eg eit talkshow i Chicago i USA der eg skal vere med via nettkamera. Deretter blir det radiointervju i Irland og i Sør-Korea, og så er det noko i Romania. I tillegg er det hundrevis av nettaviser, vanlege aviser og nyheitsstasjonar på TV og radio som har begynt å ha noko om det her, pluss enorm dekning på sosiale medium, fortel han.

Gunnar Garfors

STOR INTERESSE: Blesten rundt boka til Gunnar Garfors er langt over det han hadde forventa.

Foto: Privat

Sjølv om han no stadig må gå rundt med ladar og ekstra batteri til mobilen tykkjer han det er kjekt med merksemda.

– Det er kjempebra for min del, som sjølvsagt ønskjer blest om boka, seier NRK-journalisten.

Bokturné i USA

På norsk har boka undertittelen «mi reise til alle verdas land». På engelsk er denne tittelen omsett til «How I ran out of countries». Det var i 2004 at reiselysta til Garfors tok av. Etter kvart bestemte han seg for å besøke alle land i verda. Sjølv om han har gått tom for land å besøke, tek ikkje reisinga slutt med det første.

– Det vert ein del ekstra reising i samband med dette, og det har også vore planlagt. Det kjem ein aldri så liten bokturné i USA i september der vi skal prøve å setje ein ny verdsrekord som er knytt opp til dette bokprosjektet, fortel han.

Den norske versjonen av boka, med eit opplag på litt over 2000, er nesten utseld, og den engelske versjonen ser ut til å kunne gjere det endå betre.

– Eg såg at det før helga gjekk mellom 50 og 100 bøker om dagen. Det var akkurat då det begynte å komme blest om den. Mange har kjøpt boka, men ikkje så mange har lese den på engelsk, seier Garfors.

No har han også fått førespurnader om å omsetje boka til fransk og portugisisk.

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.