Hopp til innhold

Heile familien rømde til England under krigen - og deltok på kvar sitt vis

Ein heil familie frå Hovden i Flora måtte under andre verdskrig rømme til England. Og heile familien tok del i krigen, alle på sitt vis.

Inge og Lars Hovden

ANGRAR IKKJE: Korkje Inge eller Lars Hovden angrar på det dei opplevde under krigen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

To av familien, Lars (fødd 1928) og Inge Hovden (fødd 1924), lever framleis. Og dei hugsar det som skjedde som om det var i går.

– Vi hadde ein eldre bror, Oskar, som var verva i marinen før krigen. Han vart teken i Arendal då tyskarane kom. Han svor hemn og sa han skulle halde fram motstanden, fortel Lars Hovden.

Broren drog over til England i 1941 saman med søskenbarnet sitt.

– Han var i England frå 1941 til januar 1943. Det vi ikkje visste var at han hadde lova kona å komme heim for å hente henne, seier Lars Hovden.

  • Høyr intervju med Hovden-brørne:

Hadde berre det dei stod og gjekk i

I januar 1943 kom han for å hente kona.

– Dei kom om natta. Dei forstod at viss dette vart kjent, ville tyskarane ta oss. Dermed vart det bestemt at alle skulle bli med, seier Lars Hovden.

Fire gutar, ei jente, far og mor og Margit, kona til Oskar, forlèt alt dei eigde og sette nasen mot det ukjende.

– Vi hadde ingenting med oss. Vi hadde berre det vi stod og gjekk i, seier Inge Hovden.

Til naboar hadde dei sagt at dei skulle på neset for å vitje onkel og tante, for ingen måtte få vite kor dei skulle.

Frå krigsåra

FRÅ KRIGEN: Mennene i familien fotograferte i krigsåra. Oppe f.v. Oskar og Lars, nede f.v. Jon og Arne og i midten Inge.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fekk whisky av konsulen

På Shetland vart dei møtte av konsulen og innkvarterte.

– Han gav oss whisky. Det var min første. Då var eg 15 år, ler Lars Hovden.

Så drog dei med båt til Aberdeen og tog til London.

– Der vart vi forhøyrde på alle moglege måtar, seier Inge Hovden.

Foreldra drog så tilbake til Shetland.

– Mamma arbeidde i offiserskantina. Både Jon, Arne og Inge var på MTBane (motortorpedobåt). Margit arbeidde på ei sjukestove, og Ingrid vart plassert på skule i Skottland som tiåring, seier Lars Hovden.

  • Høyr intervju med Hovden-brørne:

Var for ung til å komme om bord

Sjølv vart han send til Lerwick som ordonnans, noko som skulle bli svært så dramatisk.

– Eg vart send til Lerwick ved Shetland for å vere ordinans på MTBane. Eg var i full uniform som ein vanleg marinegast, seier Lars Hovden.

Han fekk ikkje lov til å komme om bord i båtane som stridande, rett og slett fordi han var for ung.

– I byrjinga av april byrja eg som lærling på maskinverkstadane. Vi låg til kai rett ved marinebasen, minnest Lars Hovden.

Han sat nede under dekk då det katastrofale skjedde.

– Ei mine eksploderte på dekk like over hovudet vårt. Torpedomannen på dekk og Adelstein Gangsø frå Måløy mista livet. Elles slapp vi frå det, men eg var sterkt skadd, seier Lars Hovden.

Hadde splint i låret i 18 år

Han har vore gjennom mange operasjonar for å få fjerna splintar.

– Eg hadde ein tresplint som var seks centimeter lang og halvannan centimeter tjukk i høgre lår i 18 år, fortel Lars Hovden.

Hendinga har sett sine spor, men han er likevel glad for at det ikkje gjekk verre.

– Det er utruleg at det gjekk så bra som det gjorde. Eg veit ikkje om eg var medviten rett etter på. Eg var den siste som kom på land. Rundt oss brann det, hugsar Lars Hovden.

Han minnest at sjefen stod og spurte om han trengde hjelp.

– Det treng eg ikkje, sa eg, og så gjekk eg i land sjølv. Men då eg kom i land og såg alt blodet, fekk eg reaksjonen, fortel Lars Hovden.

  • Høyr intervju med Hovden-brørne:

Nekta å vaske – måtte i fengsel

Han vart boren til legekontoret der han vakna på golvet.

– Eg vart send på militærsjukehuset og sydd i hop. Etter eit par dagar fekk eg besøk at sjefen som lurte på korleis det var med meg, seier Lars Hovden.

Han låg fem veker på sjukehus før han vart send til eit anna sjukehus i Edinburgh der det venta fleire operasjonar.

– Sidan vart eg bydd ein vaskejobb, noko eg nekta å ta. Då måtte eg i fengsel nokre dagar, før eg snudde og sa at eg tok jobben, seier Lars Hovden.

Alle kom tilbake, pluss to til

I juni 1945 vart han med ein engelsk destroyer til Norge.

Og utruleg nok kom heile familien seg velberga tilbake til Hovden etter krigen.

– Pluss to til som ikkje var med då vi reiste. To jenter fødde utanlands, seier Lars Hovden.

Dei to brørne angrar ikkje på valet dei tok.

– Nei, eg hadde nok gjort det same på ny, seier Lars Hovden, og får nikk frå broren.

– Det hadde eg også, seier Inge Hovden.