Hopp til innhold

I dag hyllar Bergens Tidende Ivar Aasen - alt redaksjonelt stoff i avisa er på nynorsk

Sjefredaktør Gard Steiro i Bergens Tidende ventar mange telefonar frå oppkava bergensarar i dag. For på dagen 200 år etter at Ivar Aasen vart fødd er alt redaksjonelt stoff i papirutgåva skrive på nynorsk.

Bergens Tidende - med berre nynorsk

HEIDRAR IVAR AASEN: Bergens Tidende var fritt for bokmål på 200-årsdagen til nynorskens far.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi gjer det av to grunnar, for det første for å markere 200-årsdagen til Ivar Aasen, og så meiner vi det er viktig å gjere det for å skape debatt, både internt i BT og mellom lesarane om kva som skal til for at nynorsken overlever også dei neste 100 åra.

Ventar du debatt om dette i dag?

– Ja, det håpar eg då verkeleg at det blir. Nynorsken skaper sterke reaksjonar, både blant dei som er glade i han og blant dei som ikkje er fullt så glade i han. Vi må gjere nokre tydelege grep skal vi behalde nynorsken.

– Kaffien i vrangstrupen

Han håpar det blir både sinte innringarar og folk som rosar dei for tiltaket.

På side 3, under tittelen «Lenge leve spynorsken» siterer Steiro nyhenderedaktøren i avisa då han fekk beskjeden om at dei måtte legge vekk bokmålet for ein dag:

– Ja, ja, då er det berre å sette av heile føremiddagen til å svare på sinte telefonar!

For sjefredaktøren reknar med at bokmålselskarar frå Fana til Flaktveit vil sette morgonkaffien i vrangstrupen. Men i kommentaren sin prøver han å forklare kvifor dei på denne måten feirar nynorskens far.

Til skilnad frå osloavisene, som språkleg sett er like gørrkjedelege som ein Ikea-katalog, er BT open for nynorskbrukarar. Vi er språkliberale. Journalistane vel sjølv målform. I BT finn du både referat frå bystyret på klingande nynorsk og bygdereportasjar på bokmål. Slik har det vore, og slik blir det også i framtida.

Dagens utgåve er ikkje eit signal om at lesarane vil finne meir nynorsk i spaltene framover, men ei påminning om at Bergens Tidende og andre institusjonar har eit ansvar for å ta vare på det språklege mangfaldet i åra som kjem. Slikt kjem ikkje gratis. Berre spør Ivar Aasen.

Gard Steiro

KLAR FOR TELEFONSTORM: Sjefredaktør Gard Steiro reknar med mange telefonar frå hissige bergensarar denne dagen.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

Her kan du lese heile kommentaren til Gard Steiro.

Er blitt glad i nynorsk

– Kva betyr nynorsken for deg, Steiro?

– Eg er eigentleg bokmålsmann, så eg har vore gjennom mine tunge tak med nynorsk på ungdomsskulen og i vidaregåande skule, men eg har lært meg å bli veldig glad i nynorsk, mellom anna gjennom litteraturen.

Også journalistisk har sjefredaktøren lært seg å sette pris på den utskjelte målforma.

– Eg har teke til å skrive meir nynorsk, eg ser veldig verdien av å kunne variere mellom to målformer, eg synest nynorsken gjer språket vårt mykje rikare.

Bergens Tidende på nynorsk

- LENGE LEVE SPYNORSKEN: Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen, skriv sjefredaktør Gard Steiro.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eit faresignal

I kommentaren sin skriv Steiro at dersom Ivar Aasen hadde stått opp frå grava i dag ville han neppe vore særleg nøgd.

– Med det meiner eg at det ikkje står særleg bra til med nynorsken. Målet står sterkt blant mange, men dei blir færre og færre. Talet på elevar som vel nynorsk går ned, og mange byter til bokmål når dei kjem til vidaregåande skule. Det er eit faresignal.

Gard Steiro meiner dei politiske framtidsutsiktene heller ikkje er særleg lyse for nynorsken.

– De bles ein blå vind over Norge, og Høgre vil ikkje akkurat gå i bresjen for nynorsken. Landsmøtet vedtok å fjerne sidemålskarakteren, det kjem til å få betydning for kor godt ungdommen i Norge lærer seg nynorsk.

Steiro er redd for at nynorsk blir eit museumsspråk som ein liten elite brukar, og som elles blir poesi og litteratur frå fortida.

– Skal nynorsk ha ein verdi må det vere ein del av kvardagen vår. Då må det vere på NRK og i avisene og på offisielle bygningar og institusjonar.