NRK Meny
Normal

Snuoperasjonen byrja med Hovland frå start

Med ord som «røvarkjøp» og «livsviktig» skildrar Nürnberg-supporterane midtstoppar Even Hovland (26). Med veimingen som fast innslag i laget har klubben gått frå botn-, til toppstrid.

52443014 1. FC Nürnberg - 1. FC Kaiserslautern

SEINT I GANG: Even Hovland (i midten) meiner det er tilfeldig at Nürnberg starta klatringa med han på bana. – Vi hadde 11–12 nye spelarar etter nedrykket og det er heilt normalt at det tek tid å spele inn laget. No har vi fått spele og trent saman over lengre tid, sjølvtilliten er tilbake og det gir resultat, seier 26-åringen.

Foto: Revierfoto / dpa

Det svingar fort i fotball, noko 2. bundesligaklubben Nürnberg og supporterane deira har merka.

Forsvaret er absolutt ikkje eineståande, men det er heilt klart stabilisert med Hovland som forsvarssjef

Nürnberg-supporter på forum

Med Even Hovland skadd og på benken, kjempa klubben for å unngå nedrykk. Ni kampar seinare er dei formlaget – og fem poeng frå direkte opprykk – med Hovland på bana.

Even Hovland og Ulrik Flo

TIL TYSKLAND: Even Hovland spelte 93 kampar for Sogndal og 51 for Molde før han vart seld til Nürnberg for 250.000 euro.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er kjekt med positiv tilbakemeldingar, men det er nok ikkje berre mi forteneste at vi har tatt poeng, seier den jordnære vaimingen.

– Tilfeldig

Tilfeldig eller ikkje, klubben er som natt og dag etter at Hovland debuterte frå start mot Ingolstadt i midten av november. Frå å berre ta åtte poeng på dei ni kampane i førevegen, har Nürnberg tatt 19 poeng på dei neste ni kampane. Hovland har starta alle.

26-åringen trur det er tilfeldig.

Tabellen før Hovland sin første kamp frå start

SKIFTE: Slik såg tabellen ut før Even Hovland spelte sin første kamp frå start for Nürnberg.

Foto: Skjermdump / Nifs.no

– Vi bytta også trenar då, og alle har jobba knallhardt på trening for å snu trenden. Det har vi heldigvis klart. Når spelargruppa får sjølvtilliten tilbake, så blir det fort poeng av det, seier han.

Trenaren trur på Hovland

René Weiler er den nye trenaren. Han har gitt Hovland tillit i alle kampar.

– Han er ein av faktorane, men eg vil ikkje peike på einskilde spelarar. Even er viktig og har no funne sin plass i både laget og byen, seier han.

For meg er han garantist for eit stabilt forsvar.

Nürnberg-supporter på forum

– Even har utvikla seg mykje og vakse seg meir og meir til ein leiartype, legg han til.

– Nøkkelelement

Florian Zenger, Alexander Endl og Stefan Helmer styrer supportersida Clubfans United – 1. FC Nuremberg. Supporterane hadde store forventingar då Hovland vart henta som klubben sin nye hjørnestein då Per Nilsson og Emanuel Pogatetz reiste etter nedrykket.

Zenger gir Hovland ein stor del av æra for at laget kjempar om opprykk.

Tabellen etter 22 seriekampar

I TOPPEN: Med 12 kampar att av sesongen er Nürnberg fem poeng frå direkte opprykk.

Foto: Skjermdump / Nifs.no

– Hovland har starta alle kampane under René Weiler, og må difor reknast som eit nøkkelelement i snuoperasjonen, seier han.

Solid og stabilt

– Resultata snakkar for seg sjølve. Frå å sleppe inn 1,77 mål i snitt per kamp, er snittet 0,88 etter at vi byrja å bruke Hovland frå start. Det har både med Weilers meir defensive taktikk, men også med Hovland å gjere. Forsvaret er blitt mykje meir solid og er stabilt, seier Endl.

Defensivt står det og fell på han

Nürnberg-supporter på forum

– Held han fram slik, held han definitivt nivået til Bundesliga, legg Helmer fram.

Tøffe kampar

Og det er Bundesliga klubben håpar å vere klar for 24. mai. Men allereie i to av dei neste tre kampane møter dei toppklubbar: Karlsruher på heimebane og Kaiserslautern på bortebane.

Det blir viktige kampar.

– Vi vil ha flest mogleg poeng, men må jobbe for dei i trening i kamp. Vi er inne i ein god flyt med to sigrar og har positiv giv i gruppa, seier Hovland og avsluttar:

– Jobbar du hardare og spring fortare enn motstandaren så vinn du kampane.