Trass i den aukande sogneoppslutnaden rundt Clara Øberg, så er det Heggø som får klart mest støtte når kommunepartia leverer inn sine framlegg til nominasjonslister i dag.
Nesten fleirtal
Dei 75 stemmene på nominasjonsmøtet den 4. desember blir fordelt mellom kommunepartia etter kor mange stemmer Arbeidarpartiet fekk i dei respektive kommunane sist stortingsval. Med støtte som breier seg jamt utover Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn indikerer listene kommunepartia no er ferd med å levere til fylkespartiet at Heggø vil få 36 av desse stemmene i kampen om andreplassen. - Eg manglar vel to stemmer på å ha eit fleirtal. Men mykje kan endre seg undervegs, seier Heggø.
Clara Øberg er den som kjem nærast Heggø. Sogndal-kandidaten trekte seg først frå nominasjonsprosessen i eit forsøk på å skape ro idet Sognepartia var i ferd med å gå i strupen på kvarandre. Men etter å ha fått støtte frå tunge partilag som Luster og spesielt Årdal var ho tilbake i kampen - sjølv om det ikkje ser ut til å ha nytta stort no. Med 26 røyster ligg ho eit godt stykke bak Heggø.
Kommunepartia viktige
Neste steg i nominasjonen er at nominasjonsnemnda lagar eit forslag til stortingsliste som nominasjonsmøtet skal ta stilling til i starten av desember. Leiar i nemnda, Harry Mowatt, seier kommunepartia sine forslag blir svært viktige der.
Andreplassen bak Reidar Sandal er viktig for Arbeidarpartiet. Sandal er i alle høve garantert stortingsplass. Det er andreplassen som må sanke stemmer for å vinne tilbake taburetten dei tapte på løvebakken sist. Om Heggø får denne plassen får ho også ein stri tørn. - Men det gleder eg meg til, viss det vert meg då, seier ho.