NRK Meny
Normal

Hege fekk køyre forbi steinraset på riksveg 5

– Eg kjende meg ikkje særskilt høg i hatten, fortel Hege Brandsøy som i natt fekk køyre forbi steinraset på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Hege Brandsøy

FEKK KØYRE: Sidan drosjesjåfør Hege Brandsøy hadde ein kunde som måtte forbi rasstaden, gav politiet henne lov til å køyre forbi rasstaden.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Vegen har vore stengd sidan 22.30-tida måndag kveld. Steinane dekkjer eine vegbana.

På veg med kunde i bilen, fekk drosjesjåfør Hege Brandsøy lov av politiet å køyre forbi raset.

– Steinane låg i køyrefeltet frå Florø. Dei var så pass store at eg ikkje klarte å flytte på dei med handmakt, i alle fall. Eg må vedgå at eg ikkje kjende meg veldig høg i hatten, vedgår ho.

Måtte tenkje seg om

Riksveg fem stengd

STENGT: Riksveg 5 er ein av seks vegar som er stengde i morgontimane.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Raset har gått i same område, men ikkje på same staden som det rasa tidlegare i år. Steinraset kom ned mellom 100 og 200 meter aust for Sundefjellstunnelen, kring 15 kilometer frå Florø.

Brandsøy seier ho måtte tenkje seg om før ho takka ja til å køyre igjennom raset på riksveg 5.

– Eg tok ei rask vurdering og tenkte at OK, her er det mykje folk rundt meg, så eg køyrer gjennom og visste at eg kom til å bli ståande når eg kom tilbake, seier drosjesjåføren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Eit større steinras stengjer riksveg 5 mellom Førde og Florø. Raset har gått kring 15 kilometer aust for Florø.

SJÅ VIDEO: Ved Grovkrysset, kring to mil aust for Florø er det byrja å samle seg opp bilar som ikkje kjem seg forbi steinraset.

Ventar på geolog

Sigmund Ramsdal

SNUR: Sigmund Ramsdal skulle vore til Florø på jobb, men må truleg snu heim att.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Førebels er det uvisst når vegen opnar att. Vegtrafikksentralen opplyser klokka 10 at vegen tidlegast blir opna klokka 12.

Vidar Solheim hos Statens vegvesen opplyser til NRK.no at ein geolog er på veg til rasstaden.

– Det ligg ein stor stein på kring ein kubikk i vegbana. I tillegg har det kome ned fleire mindre steinar. Dei ligg konsentrert, seier Solheim.

Ein av dei mange som har kome til rasstaden, er Sigmund Ramsdal. Det er byrja å danne seg køar på begge sider av raset. Mange har også snudd.

– Eg skulle vore på jobb, men reknar med at eg reiser heim att. Eg må berre snakke med sjefen først, seier han.

Tenkjer på rasfaren

Riksveg fem stengd

KØ: Mange har truleg ikkje fått med seg vegstenginga og snudde då dei kom til Grov.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Det er ikkje første gongen det rasar i området. I sommar var vegen stengd i eitt døgn grunna ras.

– Vi har venta på at det kanskje skulle komme meir. Slike nedbørsdøgn så er det meir utsett enn i betre periodane, seier Ramsdal.

– Tenkjer du over rasfaren når du køyrer her?

– Ja, det gjer ein, men det blir til at ein set seg i bilen og køyrer. Det blir slik at ein ser om det ligg noko mindre i vegbana, men ein er jo vand med det.

Seks stengde vegar – ein i fare

Kø ved Sundefjellet.

KØ: Det står nokre bilar også ved Sundefjellet, på vestsida av raset på riksveg 5.

Foto: Truls Kleiven

I alt er seks vegar i fylket stengde grunna ras og rasfare. Det er også mykje vatn i vegbana på enkelte vegstrekkjer.

Ved Hestad Kapell i Viksdalen er fylkesveg 610 stengd grunna mykje vatn i vegbana. Her er det omkøyringsmoglegheit.

– Riksveg 5 blir vurdert av geolog så raskt det lysnar av dag. Vegen blir tidlegast opna klokka, seier Nedberge Hille.

Laster kart, vennligst vent...

STENGT: Riksveg 5 er stengd mellom Førde og Florø. Det er ingen

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå