Hopp til innhold

Regn og vind skaper vanskar for trafikken - steinras i Arnafjorden

Det bles kraftig i kasta både på kysten og elles i Sogn og Fjordane, og søndag kveld gjekk det eit stort steinras i Arnafjorden i Vik.

Måløybrua stengd

STENGD BRU: Vinden var til tider så sterk at Måløybrua var stengd.

Foto: Bjarne Eldevik

Det var litt over klokka 19 politiet fekk melding frå Vegtrafikksentralen om at det hadde gått eit stort steinras som stengde fylkesveg 92 mellom Arnafjorden og Vik.

Raset er rundt 100 meter breitt og fem-seks meter høgt. Det er ikkje teikn til at bilar eller personar skal vere tekne av raset, opplyser politiet.

På kysten har sterk vind skapt vanskar for trafikken.

I dei verste vindrosene var Måløybrua stengd, og ferja mellom Måløy og Oldeide heldt seg ved kai i Måløy. Ferja på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella må sløyfe anløp på Losna resten av søndagen på grunn av vinden. På det sambandet kan det og bli mindre forseinkingar,

Snøggbåten frå Nordfjord til Bergen vart om lag ein halv time forseinka på grunn av vinden.

Refvikvatnet - sterk vind

DET GJEKK KVITT: Slik såg det ut på Refvikvatnet i Vågsøy søndag ettermiddag.

Foto: Bjarne Eldevik

Fylkesveg 608 mellom Førde og Askvoll er stengd ved Hundsåna på grunn av fare for ras. Der blir det ny vurdering måndag klokka 10.

På fjellovergangane har det ikkje vore så ille – du kan halde deg oppdatert om det på vegvesen.no .

Flya til Widerøe har og stort sett gått som dei skal, bortsett frå to avgangar frå Førde lufthamn Bringeland.

Regnet har ført til at det einskilde stader, som ved fylkesvegen mellom Måløy og Raudeberg, har danna seg små innsjøar.

Fv Måløy-Raudeberg

INNSJØ: Ved fylkesvegen mellom Måløy og Raudeberg hadde det danna seg ein liten innsjø.

Foto: Bjarne Eldevik