Hopp til innhold

Heftig breisladd trakk til tusen

Bilentusiastane samla seg i hopetal på Kaupanger i helga for å kjenne lukta av svidd gummi, motorolje og for å høyre lyden av heftig sladd.

I helga samla driftingentusiastane seg på Kaupanger.

NAF Motorsport Indre Sogn stod bak driftweekend på bana på Kaupanger, og arrangøren melder om det som truleg er ny publikumsrekord.

– Vi hadde nærare 1000 publikum inne i løpet av helga som fekk oppleve trygg og heftig bilkøyring på lukka bane, fortel Alvin Lægreid.

Saman med dei andre i motorsportklubben, jobba han time etter time på dugnad for å gje utøvarane og publikum ei minnerik helg.

– Det blei eit strålande bra arrangement og 25 bilar var med og køyrde. Dette blei veldig vellukka, meiner Lægreid.