Men det er likevel ikkje sikkert at Hashin vil seie seg skuldig etter tiltalen i retten i dag, seier statsadvokat Bjørn Soknes.
Ifølge tiltalen vart Hedda Karterudseter valdteken og utsett for grov vald før ho vart kvelt på rommet sitt på Sogndal Folkehøgskule.
Sjå òg "Dødskamp på internatet ".
Både den tiltalte og Karterudseter var på utestaden Meieriet i Sogndal onsdag 27. oktober. Vitne har fortalt at dei to gjekk saman frå utestaden i retning folkehøgskulen. Dagen etter vart Hedda Karterudseter funnen død på rommet, men fyrst på søndag, meir enn tre dagar etter drapet, gjekk politiet ut med opplysningar om at Hedda Karterudseter var blitt kvelt.
Forenklar saka
Og først etter fleire dagar vart Hashin etterlyst. I januar vart han pågripen i Nederland, og på eit fengslingsmøte i april vedgjekk Hashin at han hadde drepe 19-åringen. Forsvararen hans, Hermann Hoff, seier at det ikkje utan vidare vil seie at Hashin vil seie seg skuldig etter tiltalen.
Men statsadvokat Bjørn Soknes seier likevel at tilståinga som har kome frå Hashin gjer rettssaka enklare.
Det er sett av halvannan veke til rettssaka, men mykje tyder på at den vert avslutta alt på torsdag eller fredag.