Hopp til innhold

Agnes (13) og Hedda (12) vann loddtrekninga og fekk helse på dronning Sonja

Agnes Ønnerstad (13) og Hedda Skår Midtbø (12) på Flekke skule vann loddtrekninga i klassane sine og fekk møte dronning Sonja då ho vitja skulen fredag.

Dronninga på skulen

NERVØS: Både Hedda Skår Midtbø (f.h.) og Agnes Skår Midtbø (helsar på dronninga) fekk slå av ein kort prat med dronninga då ho vitja Flekke fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg trur kanskje nokon i klassen var litt misunnelege, seier Midtbø, som går på Våge skule og Ønnerstad som går på Flekke skule.

Men trekninga vart gjort på så rettferdig og demokratisk vis som råd var. Alle elevane skreiv namna sine på ein lapp, og så vart den som skulle få helse på dronninga, trekt ut av bunken.

Det var ikkje fritt for at dei to jentene hadde litt høg puls då dei såg dronninga komme ruslande opp vegen til skulen.

– Eg var i grunn nervøs på førehand, og det vart berre verre og verre dess nærare ho kom, fortel Ønnerstad.

Litt spesielt å møte dronninga

Midtbø nikkar, og fortel om dei same sommarfuglane i magen.

– Det er jo litt spesielt å treffe dronninga. Ho er ikkje ei som vi ser til dagen, liksom. Det er jo stort sett berre på TV vi ser ho, seier Midtbø.

På førehand hadde ho tenkt at ho skulle tenkje på dronninga som ei vanleg dame, rett og slett for å ikkje bli så nervøs.

(Artikkelen held fram under biletserien)

Prøvde å ta det heilt med ro

– Eg tenkte at eg berre måtte ta det med ro, og tenkje at det ikkje var så spesielt, slik at det ikkje stokka seg heilt, seier Midtbø.

Jentene var klare på at det var kjekt å få snakke litt med dronninga.

– Ho var veldig snill og triveleg. Ho lurte på kva vi hadde gjort på i dag og kva vi skulle, og spurte oss om litt forskjellig, seier Ønnerstad.

La ned grunnstein

Etter at dronning Sonja hadde helst på elevar og tilsette og andre ved UWC, fekk ho leggje ned grunnsteinen til UWC-Connect, eit nytt senter for besøkande på UWC.

Bygginga er allereie i gang, men dronninga fekk æra av å leggje ned grunnsteinen i eit skrin.

Dronning Sonja på UWC

LA NED GRUNNSTEINEN: Etter at skrinet med grunnsteinen var lagt ned, dekka ho det til med nokre skeier sement.

Foto: Oddleif Løset / NRK