NRK Meny
Normal

Hayden (7) var ute og leika då han fann to sprøyter

Hayden (7) og ei venninne var ute og leika i går då dei fann to sprøyter. Ungane hadde leika med sprøytene og fylt dei med blomar, før dei tok dei med heim.

Ingunn og Hayden med sprøytene dei har funne

MEINER DET ER UNDERLEG: Ingunn Helene Fleten skjønar ikkje kor sprøytene kjem frå.

Foto: Privat

– Eg veit ikkje kven det er som er så uforsiktige med sprøytene sine, seier mor til guten, Ingunn Helene Fleten.

Ho veit ikkje om sprøytene er brukte eller ikkje.

Skjønar ikkje kvar dei kjem frå

Hayden har nyleg fått diagnosen diabetes og sprøyter har difor blitt ein naturleg del av kvardagen. Han kom fyrst heim med den fyrste sprøyta, før han litt seinare kom tilbake med enno ei.

– Ungane hadde inkorporert sprøytene i leiken og fylt dei med blomar, fortel Fleten.

Sprøyter

FYLTE DEI MED BLOMSTER: Dei to venane som hadde vore ut og leika hadde fylt opp sprøytene med blomster.

Foto: Privat

Den fyrste tanken til Fleten var om sprøytene kunne stamme frå sjukheimen. Området sprøytene vart funne i ligg like nemleg like ved ein sjukeheim og ein helsestasjon, men Fleten trur ikkje det har nokon samanheng.

– Det er svært unaturleg at medisinsk avfall som dette hamnar ute i det fri, seier ho.

Ungane hadde vore ute og leika i området ved Sunnfjord miljøverk sine hytteavfallscontainerar og glascontainerar.

– Det er jo ikkje ein heilt egna leikeplass, men det er nært huset vårt og vi bur i eit trygt og godt nabolag, fortel Fleten.

Fleten vil levere inn sprøytene på apotek slik at dei kan bli tekne hand om på ein riktig måte.

Aldri høyrt om liknande

Økonomisjef ved Sunnfjord miljøverk, Bodil Øvretveit, seier ho aldri tidlegare har høyr om at det ligg sprøyter ved søppelkonteinarane deira.

– Vi har veldig strenge reglar for det vi kallar stikkande og skjerande. Det tek vi ikkje i mot på vår stasjon, fortel ho.

Ho fortel at dei prøvar å informere sine kundar så godt det lar seg gjere om kva som kan kastast, og kva som må leverast som spesialavfall andre stader.

– Eg skal ikkje spekulere i kva som har skjedd, men på sommarstid er det jo veldig mange som kanskje ikkje kjenner til regelverket her som passerer, seier Øvretveit.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.