Hopp til innhold

Havyard skal bygge tre el-ferjer for Fjord1

Havyard Ship Technology har sikra seg ei kontrakt med Fjord1 til ein verdi på nærare ein halv milliard kroner. Dette sikrar sysselsettinga ved verftet i Leirvik dei to komande åra.

De tre ferjene som skal bygges

EL-FERJER: Innan 2018 får Fjord 1 tre nye ferjer.

Foto: multi-maritime.no

– Denne kontrakten er veldig gledeleg. Vi har jobba ein periode med å komme oss inn i ferjemarknaden som er i stor vekst. For oss er dette veldig viktig. No kan vi tenke langsiktig, og vi sikrar god sysselsetting i 2018, seier salsleiar ved Havyard Ship Technology Lars Conradi Andersen.

I eit historisk perspektiv har Havyard bygd mykje ferjer, men dette er dei første ferjene dei byggjer på veldig lenge.

– Dette er veldig viktig for oss. Det er ikkje slik at dette er heilt avgjerande for vår eksistens, men no har vi fått ein solid fot innanfor denne marknaden, seier Andersen.

Lars Conradi Andersen

GLEDELEG: Lars Conradi Andersen er veldig glad for kontrakten med Fjord1.

Ein gledeleg julepresang

Lasse Stokkeland, dagleg leiar Havyard

FEIRING: Dagleg leiar serverte kake til dei tilsette.

Foto: Josef Tveit / NRK

Dagleg leiar, Lasse Stokkeland i Havyard kunne gi dei tilsette ei etterlengta førjulspresang. Dei tilsette fekk servert kake og bodskapen om ei kontrakt som lovar arbeid også dei neste to åra.

– Det er bestandig kjekt å komme med nye kontraktar. No kan vi sjå fram mot eit nybygg, og det blir lettare for dei tilsette å kjenne seg trygge, seier Stokkeland.

– Det har vore lite nye kontraktar i det siste, så det er gledeleg å få denne nyheita før jul, seier Morten Langeland som er tillitsvalt i bedrifta.

Morten Langeland

JUBLAR: Morten Langeland er glad han fekk arbeid dei neste to åra i gåve.

Foto: Josef Tveit / NRK

Lokalt samarbeid

Det er Multi Maritime i Førde som har designa dei el-drivne ferjene som altså skal byggjast i Leirvik i Hyllestad. Havyard har bygd mykje for utanlandske aktørar dei siste åra, og dette er det første prosjektet på veldig lenge med så lokal forankring.

Signering, Lars Conradi Andersen og Fjord 1

NØGDE: Her blir kontrakten mellom Havyard Ship Technology og Fjord1 signert.

– Det er ekstra kjekt å samarbeide internt i fylket. Vi har bygd for indarar, nigerianarar og russarar. Derfor er det kjekt å kunne samarbeide innanfor fylket, seier Lars Conradi Andersen.

Arbeidet med ferjene startar med ein gong, og den første ferja skal vere på plass mot slutten av mai 2018. Dei to siste ferjene skal vere klare mot slutten av 2018. Skrogbygginga blir sett ut, og det første skroget vil vere klart for utrusting i Leirvik mot slutten av 2017. Andersen trur ikkje kontrakten vil medføre behov for oppbemanning, men håpar på at dette vil sikre ei god og kontinuerleg drift framover.

– Ei kontrakt på ein halv milliard er alltid stort. Det sikrar godt med sysselsetting og er viktig for verftet vårt. Det er ikkje unikt, vi har nettopp levert to store isbrytarar, men dette er veldig gledeleg, fortel Andersen.