Dette fører til at arbeidstokken på 135 vil bli omlag dobla når dei tek til med arbeidet, seier Arne Jan Engen.
Saman med dei ordrane verftet alt har om bygging av to andre skip til russiske reiarar, sikrar det arbeidet ved verftet i to år framover, seier direktøren.
Jobbar delvis gratis
Men prisen for å få kontrakten har også kosta. For dei tilsette har gått med på å jobbe ein halvtime gratis for å få i land avtalen. Det er heilt spesielt at dei har gjort det, seier tillitsvald Jan Olav Gjerde. - Men no har vi hatt eit par år med lite aktivitet, der arbeidarar har vorte permitterte i lang tid. No handlar det om å strekkje ut ei hand og hjelpe til slik at vi kan få ein kontrakt for å få hjula i gang igjen, seier han.
Trur på opptur i industrien
Dei tilsette ved Havyard Leirvik håpar å sikre seg fleire kontraktar. Og dei tillitsvalde trur på ein opptur i industrien. Men Gjerde kan ikkje heilt utelukke at dei tilsette blir pressa til å gjere nye kromspring for å sikre seg kontraktar. - Framtida er vanskeleg å spå, men det skal sitte veldig langt inne før vi går inn på eit slikt program igjen, seier Gjerde.