Hopp til innhold

Havyard Leirvik byggjer fiskebåt

Havyard Group har inngått kontrakt med reiarlaget Smaragd om bygging av ein 74 meter lang fiskebåt.

Ringnotsnurparen Smaragd

NYE SMARAGD: Slik skal den nye fiskebåten ta seg ut.

Foto: Illustrasjon / Fakta Havyard Group

Den nye ringnotsnurparen/trålaren skal byggjast ved Havyard Leirvik og skal leverast i april 2015. Dette er ein svært viktig kontrakt, seier marknads- og informasjonssjef Gunnar Larsen i Havyard Group.

– For Havyard er det ekstremt viktig. Her i Herøy der vi har hovudkontoret og designkontoret vårt er fiskeri svært viktig, og det er og fundamentet for offhoreverksemda vår. Dei fleste kundane våre er både offshore- og fiskebåtreiarar.

Verftet i Leirvik bygde ein del fiskebåtar før Havyard tok over, med Havyard som eigar har det til no vore bygt berre ein fiskebåt, kystsnurparen «Artus». Elles har verftet levert ei rekkje offshorefartøy.

Fiskebåten skal få namnet «Smaragd» og skal avløyse ein båt med same namnet og som reiarlaget har hatt sidan 1999. Den første båten skaffa reiarlaget seg i 1967, og den nye båten blir den sjette i Smaragd si historie.

Petter Geir Smådal i reiarlaget Smaragd seier at dei vurderte fleire verft både i Norge og i utlandet før valet fall på Havyard.

– Det er gledeleg at vi kunne velje norsk designer og norsk verft.Det er sjølvsagt ein prisskilnad om vi til dømes hadde bygt i Tyrkia, men når vi ser langsiktig på det og tek med faktorar som byggeoppfølging, kvalitet, driftskostnader og andrehandsverdi så hadde Havyard det klart beste tilbodet.

Kontrakt på bygging av ny fiskebåt på Havyard Leirvik

NØGDE PARTAR: REiarane Petter Geir, Reidar og Per smådal, skipsbyggar Geir Johan Bakke og designer Kjetil Myren.

Foto: Gunnar Larsen / Fakta Havyard Group

Forsyningsskip til Island

Havyard Leirvik har utanom fiskebåtkontrakten arbeid til godt ut i 2014. Mellom anna skal verftet byggje eit forsyningsfartøy til eit reiarlag på Island, fortel Larsen.

– Dette er første kontraheringa vår på Island. I tillegg arbeider vi med fleire interessante prosjekt.

Ved Havyard Leirvik er det til saman 250 tilsette.