Havyard i store økonomiske vanskar

HYLLESTAD (NRK): Hjørnesteinsverksemda Havyard i Leirvik i Hyllestad har store økonomiske problem. I dag var det husmøte for alle tilsette.

Verdas største brønnbåt

HUSMØTE: Alle tilsette ved verftet i Hyllestad blir i dag orienterte om den alvorlege økonomiske situasjonen i selskapet.

Foto: David Zadig / David Zadig

Meldinga om den alvorlege situasjonen i verftet uroar den vesle kystkommunen.

– Vi må berre krysse fingrane for at Havyard vil halde fram å gå. Det er ei kjempeviktig verksemd for heile kommunen, og sjølvsagt for oss i sentrum, seier butikkdrivar Anne Lise Birkeland.

Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar ved verftet. I hans stad har styret tilsett Erlend Hatleberg frå Dale som ny dagleg leiar. Han er i dag prosjektleiar i bedrifta.

Uroa ordførar

Det har ei stund vore kjent at verftsgruppa har slite økonomisk. Måndag sende selskapet ut ei børsmelding om at eigenkapitalen til Havyard Ship Technology er tapt. Dei har også innført betalingsstopp.

Kjell Eide

HÅPAR: Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap) håpar at det går mot ei løysing for hjørnesteinsverksemda i Hyllestad.

Foto: Privat

Verftet er den største arbeidsplassen i Hyllestad kommune, og ein av dei største i Sogn og Fjordane.

– Havyard er ei nøkkelverksemd med nær 200 fast tilsette, og siste tida har det vore opp mot 700 i verksemda. Skulle det skje noko no, så slår det negativt ut på kommunen og næringslivet elles, seier ordførar Kjell Eide (Ap).

Tapt eigenkapital

Selskapet jobbar no opp mot kundar og kreditorar for å freiste å få sikra vidare drift.

Ovanfor Firda skildrar konsernsjef Geir Johan Bakke situasjonen som «veldig krevjande», men seier det ikkje er aktuelt med permitteringar på noverande tidspunkt.

– Vi har ein konstruktiv dialog med alle involverte partar for å finne ei god og varig løysing, seier han og viser til børsmeldinga for ytterlegare kommentarar.

– Arbeidet med framleis drift vil bli vidareført på sikra grunnlag (kontantoppgjer eller bankgaranti), slik at dei noverande posisjonane til kreditorane ikkje blir forverra, skriv selskapet.

– Som ledd i det vidare arbeidet vil det bli gjort ein analyse av følgjene tapet av eigenkapitalen i dotterselskapet Havyard Ship Technology får for det konsoliderte konsernet, står det vidare.

– Alvorleg situasjon

Ordførar Eide var måndag morgon ikkje orientert om situasjonen.

Morten Langeland

ALVORLEG: Morten Langeland er meir optimist på framtida etter husmøtet på Havyard Leirvik.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har høyrt at dei har slite i seinare tid. At dei har kontraktar langt fram i tid, men at dei ikkje tenar pengar på prosjekta sine, seier Eide.

Morten Langeland, hovudtillitsvald i Fellesforbundet, seier situasjonen no er den alvorlegaste verftet har vore i sidan han byrja som lærling for 25 år sidan.

– Stemninga var nok litt laber før allmannamøtet, men no er vi motiverte for å få dette til, seier han.

– Tårene vil renne

Ann Lise Birkeland

UROA: Ann Lise Birkeland seier både butikken hennar og fleire andre næringsdrivande avheng av aktiviteten ved Havyard-verftet i bygda.

Foto: Bård Siem / NRK

NRK kjenner til at bakgrunnen for dei økonomiske vanskane er knytt til forseinkingar på båtbygg. Det handlar om ein brønnbåt, som er eit halvt år forseinka; og det handlar om ein fisketrålar, som er eitt år forseinka.

– Vi har nokre krevjande prosjekt som har dradd ut i tid, og håpar å levere tre av dei i november/desember, seier Langeland.

Han trur situasjonen er løyst om kort tid.

Det håpar også Birkeland på butikken. I tillegg til ringverknadane på samfunnet elles, har fleire av familiemedlemene hennar arbeidsplassen sin på verftet.

– Vi må berre håpe at ballen kan halde fram å rulle i mange år framover. Vi er avhengige av dei.

– Og om dei blir lagde ned?

– Då vil tårene renne.